Karl Ove Knausgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Ove Knausgård i biblioteket i Lund i Sverige i 2010.
Foto: Robin Linderborg
Karl Ove Knausgård under Oslo bokfestival 2010.
Foto: Kjetil Ree

Karl Ove Knausgård (fødd 6. desember 1968) er ein norsk forfattar. Han har vunne ei rekkje litterære prisar, og hadde per januar 2011 seld over 275 000 eksemplar av bøkene i serien Min kamp.[1]

Knausgård er fødd i Oslo og oppvaksen på Tromøya i Arendal kommune, og i Kristiansand. Han har studert litteraturvitskap og kunsthistorie. Då han var 19 år gammal, gjekk han på Skrivekunstakademiet i Hordaland. I løpet av dette året hadde han mellom andre Ragnar Hovland og Jon Fosse som lærarar. I tidsrommet 1999-2002 var han medredaktør i det litterære tidsskriftet Vagant, der han skreiv essay om forfattarar som Marcel Proust, Don DeLillo og Thure Erik Lund.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Knausgård debuterte litterært i 1998 med romanen Ute av verden, som fekk mykje merksemd. Han var den første debutanten nokonsinne som fekk Kritikerprisen. Romanen handlar om Henrik Vankel, som bur på ein liten stad i Nord-Noreg, og arbeider som lærarvikar. Etter at Vankel innleier et forhold til ein 13-årig elev forlét han bygda i all hast og reiser til Kristiansand. I resten av romanen vert samtida fletta saman med minne frå barndommen og ungdommen. Oppfølgaren, En tid for alt, handlar om englane si historie på jorda. Delar av boka spinn vidare på sentrale delar av Bibelen, og undersøker forholdet mellom vitskap og religion. For denne romanen vart han i 2005 nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2009 vart romanen nominert til den prestisjefylte, litterære prisen IMPAC Dublin Literary Award. Sommaren 2006 kåra Dagbladet En tid for alt til ei av de 25 beste norske bøkene dei siste 25 åra. Han fekk også Sørlandets litteraturpris og P2-lytterane sin romanpris for denne boka.

Knausgård er mest kjend for det sjølvbiografiske seksbindsverket Min Kamp (2009 - 2011). For «Min kamp. Første bok» fekk Knausgård Brageprisen og P2-lytterane sin romanpris. Romanen vart også nominert til Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Bokhandlerprisen, Ungdommens kritikerpris og Sørlandets litteraturpris. Morgenbladet sine lesarar kåra «Min kamp 1-3» til Årets bok 2009. Hausten 2009 kåra VG «Min kamp. Første bok» til ein av tiårets ti beste norske romanar. Dei tre romanane «Ute av verden», «En tid for alt» og «Min Kamp» kan ifølge forfattaren sjølv, sjåast som ein trilogi. «Ute av verden» handlar om romankarakteren Henrik Vankel. «En tid for alt» er ei bok som i prinsippet vert skriven av Henrik Vankel, og «Min Kamp» handlar om forfattaren Karl Ove Knausgård, som har skrive desse bøkene. Knausgård las eigne nyskrivne tekstar med relasjon til terrorangrepa i Noreg 2011 under Minnemarkeringa i Oslo 22. juli 2012.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 – Ute av verden – roman
  • 2004 – En tid for alt – roman
  • 2009–11 – Min kamp – roman i seks delar
  • 2013 - Sjelens Amerika. Tekster 1996–2013 - essays

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Karl Ove Knausgård
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl Ove Knausgård

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.