Symjing
Symjing er det å ta seg fram gjennom vatn med få eller ingen hjelpemiddel. Ei rekke dyr som lever i havet tilbringer mesteparten av livet sitt med å symje. I tillegg sym ei rekke pattedyr og fuglar jamleg eller av og til. Mange pattedyr kan symje instinktivt, men menneske har berre eit svakt symjeinstinkt (sjå babysymjing), og må lære kunsta. Dei har likevel lett for det, og har eit større spekter av symjeteknikk enn dyr.
Ein kan symje for å kome seg ein stad, trene eller ganske enkelt for å more seg. Symjekunne gjer at ein lettare kan berga seg om ein dett uti vatn. I mange lande, mellom anna heile Norden, er det derfor vanleg å undervise i symjing på skulen.
Trening i vatn, som har ein massetettleik som liknar den til menneskekroppen, gjer at ein får lita belastning på ledd og knoklar. Symjing kan dermed vere ein god måte å trene på etter skade eller for mange typar funksjonshemmingar.
Innhaldsliste |
Hjelpemiddel [endre]
For å symje treng ein eit stykke vatn, som ei elv, eit lite vatn, ein innsjø eller havet. Ein kan også lage til symjebasseng for å få eit trygt, regulert symjeområde.
Ein kan godt symje naken, men i moderne tid er det blitt vanleg å bruke badeklede. Desse er hovudsakleg meint å skjule delar av kroppen, men kan også brukast til varmeisolasjon, som ein våtdrakt. Moderne symjedraktar kan også hjelpe symjarar ved å minske friksjon og gjere kroppen deira meir straumlinjeforma.
For å flyte betre kan ein bruke hjelpemiddel som badevinger, symjebelte og symjebrett.
Symjing som idrett [endre]
Konkurransesymjing er ein idrett der utøvarar konkurrerer om å vere den raskaste over ein gitt distanse. Det er fleire ulike teknikkar som kan nyttast til å forflytte seg i vatnet, og konkurransesvømming er regulert gjennom eit internasjonalt regelverk som bestemmer korleis dette skal gå føre seg. Det vert tevla i desse disiplinane:
- Medley
- Butterfly
- Rygg
- Bryst
- Crawl/krål
- Fristil
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Swimming» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2008.
- «Svømmedrakt med supergli» på forskning.no