Suez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suez, السويس
Satellittbilete av Suez med hamna og kanalen.
Satellittbilete av Suez med hamna og kanalen.
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
As Suways
Guvernør Saif al-Din Galal
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

510, 935
Koordinatar 29°58′″N 32°33′″EKoordinatar: 29°58′″N 32°33′″E
Høgd over havet 5 m
Tidssone EST (UTC +2) (UTC)

Suez (arabisk): السويس - as Suwais), er ein egyptisk hamneby som ligg inst i Suezbukta nord i Raudehavet. Suez er hovudstaden i guvernementet As Suways. Byen er kjend for Suezkanalen som knyt Raudehavet saman med Middelhavet. Kanalen tek til ved Suez og munnar ut i Middelhavet ved Port Said.

I Suez finst det mykje industri, m.a. oljeraffineri, sementfabrikk og kunstgjødselsfabrikk. Frå Suez er det ferjesamband til Jidda i Saudi-Arabia, og byen er difor viktig for muslimar på pilgrimsferd til Mekka. Jernbanen knyt Suez saman med Kairo, Ismaïlia og Port Said.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]