Suezbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete over Sinaihalvøya med Suezbukta til venstre og Akababukta til høgre.

Suezbukta (arabisk: خليج السويس - Khalyj as-Suways) er ei om lag 300 km lang bukt som leier mot nord-nordvest i den nordlege delen av Raudehavet. Suezbukta leier inn til Suezkanalen og byen Suez i Egypt.

Bukta vart truleg forma av at dei afrikanske og indiske kontinentalplatene flytter seg vekk frå kvarandre. Slik har Suezbukta samanheng med Riftdalen som går gjennom Afrika. I Suezbukta ligg det meir enn 120 olje- og gassfelt, m.a. Gemsafeltet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]