Sumbawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sumbawa

Sumbawa er ei øy i Indonesia, som ligg midt inne mellom dei mindre Sundaøyane, aust for Lombok og vest for Flores. Sumbawa høyrer til provinsen Vest-Nusa Tenggara.

Sumbawa er 15 448 km² med eit folketal knappe 1,5 millionar. Øya er vulkansk og rik på fjell. Ho er for det mest dekt av regnskog, og har mange små og store bukter. Øya markerer grense mellom øyane i vest, som vart religions- og kulturpåverka av India, og områda i aust som vart mindre påverka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fire fyrstedømme i det vestlege Sumbawa var underordna Majapahit-imperiet på det austlege Java. Sumbawas naturressursar førte til at øya jamnleg vart invadert av framande styrkar; japanske, nederlandske, og makassarske. Nederlendarane var der første gongen i 1605, men fekk ikkje kontroll med Sumbawa før enn tidleg i det 20. hundreåret. Det balinesiske kongedømmet Gelgel styrte elles det vestlege Sumbawa i ein kort periode.

Folk på Sumbawa var kjende for si honning, sine hestar og for sappantreet som vart nytta til å lage raudfarge, og sandaltreet som vart brukt til lækjemiddel. Jorda vart halden for å vere svært produktiv kva gjeld jordbruk.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Islam vart innført via makassarane på Sulawesi.

Sumbawa har historisk hatt to talemålsgrupper som tala språk som var innbyrdes uforståelege. Gruppa på vestsida av øya snakkar Basa Samawa, som er mykje likt sasak-språket på Lombok; den andre gruppa i aust snakkar Nggahi Mbojo. Kongedømma i Sumbawa Besar og i Bima var i sentrum for stridane på Sumbawa. Dette skiljet av øya i to delar gjeld framleis. Sumbawa Besar og Bima er dei to største byane på øya, og er senter for åtskilde folkegrupper som har kvar sin del av øya. Det offisielle estimatet på folketalet var i 2005 1 219 590.

Vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Sumbawa ligg på den vulkanske ryggen mot Stillehavet. Det er ei vulkansk øy, med 2 850 m høge Tambora (8°14’41”S, 117°59’35”E) som eksploderte i 1815, det mest øydeleggande vulkanutbrot i moderne tid, om lag fire gonger større 1883-utbrotet på Krakatau, målt i magma-massar. Utbrotet drap så mange som 72 000 menneske, og det knutste det vesle kongedømmet Tambora. Utbrotet slengde 100 kubikkilometer med oske opp i dei øvre delane av atmosfæren, noko som førte til at 1816 vart omtalla som «året utan sommar».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia