Suovas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Suovas (nordsamisk og lulesamisk for 'røykt') eller soeves (sørsamisk) er lettsalta, kaldrøykt reinkjøt. Dette er ein konserveringsmetode som har vore brukt av samar i generasjonar. Framleis er røyking av reinkjøt ein konserveringsmetode som er aktuell blant samar, særleg blant reindriftssamar som er lange periodar i fjellet under enkle kår.

Suovas blir laga ved at ein tørrsaltar og kaldrøyker kjøtet. Ein strør grovsalt over kjøtet og let det ligga i rundt eit døgn. Eventuelt kan det liggja same tid i 10 % saltlake. Røykinga blir gjerne gjort med seljeved, noko som gjev kjøtet ein mild røyksmak.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Fleire samiske verksemder som vidareforedlar reinkjøt til ein større marknad. Lett kaldrøykt reinkjøt finst under fellesnamnet suovas som ein spesialitet. Suovas blei kåra til årets reinkjøtprodukt i 2017 av Innovasjon Norge.[1]

Tilreiing[endre | endre wikiteksten]

Kjøtet kan skavast i tynne skiver og steikast lett i smør/margarin like før servering. Suovas har mange bruksområde. Det kan serverast med potet/potetmos eller berre med brød. Ein kan også ha det i pitabrød, wraps og på pizza. Suovas blir ofta servert ved festivalar og liknande arrangement, i pitabrød med salat til.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Innovasjon Norge: Souvas fra Arctic Rein og Vilt - Årets produkt». Arkivert frå originalen 4. januar 2018. 
  2. Gruvö, Jonas: «suovas» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 25. juli 2015.