Super Aguri F1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Super Aguri F1 er eit japansk formel 1-lag som debuterte i 2006. Laget vart grunnlagt av den tidlegare formel 1-køyraren Aguri Suzuki i 2005. Laget søkte om å starte formel 1 året etter, men vart opphavleg nekta oppstart av FIA på grunn av manglande innbetaling av 48 millionar dollar i startavgifter. Etter å ha sendt enda ei søknad om å få delta i 2006 sesongen, fekk Super Aguri-laget den 26. januar 2006 endeleg løyve til å køyre 2006 sesongen. Super Aguri F1 nytta denne sesongen Honda-motor, dekk frå Bridgestones og eit chassis som tidlegare sjef i Minardi, Paul Stoddart igjen hadde kjøpt frå det tidlegare formel 1-laget Arrows.

2006-sesongen[endre | endre wikiteksten]

Japanarane Takuma Sato og Yuji Ide var dei opphavleg sjåførane for Super Aguri-laget ved byrjinga av 2006 sesongen, med Franck Montagny som tredje sjåfør. Etter berre 4 løp vart det annonsert at Montagny skulle erstatte Ide som som braut 3 av dei 4 løpa han køyrde i. FIA meinte at Ide trong meir erfaring utanfor Grand Prix, især etter ein kollisjon med Midland-køyraren Christijan Albers under San Marino GP. Montagny vart dermed andre sjåfør, men berre i 7 løp før han òg vart erstatta. Sakon Yamamoto vart den tredje sjåføren i Super Aguri-laget. Han køyrde dei resterande 7 løpa.

2007-sesongen[endre | endre wikiteksten]

For 2007sesongen var Takuma Sato fortsatt førstesjåfør i laget, medan engelskmannen Anthony Davidson kom inn som andresjåfør. Begge sjokkerte i kvalifiseringa til Canadian Grand Prix då dei kom inn på 10. og 11. plass. Tidlegare hadde Sato berre ein 17. plass som beste kvalifisering. På slutten av løpet hadde Sato droppa ned til ein 12. plass, medan Davidson fekk sitt løp øydelagt etter ein kollisjon alt i fyrste runda. Med smerter fullførte han likevel på ein 16. plass.

Lagets første poeng vart skaffa i Spanish Grand Prix då Takuma Sato kom på ein 8. plass. I Canada kom Sato på 6. plass og fekk tre nye poeng. Etter 10 av 18 løp har Super Aguri F1 4 poeng, alle skaffa av Tsakuma Sato.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Super Aguri F1


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
Italia Ferrari Tyskland BMW Sauber Frankrike Renault Storbritannia Williams Australia Red Bull Japan Toyota Italia Toro Rosso Japan Honda Storbritannia Super Aguri India Force India Storbritannia McLaren
Flag of Finland.svg Räikkönen
Brasil Massa
Tyskland Heidfeld
Flag of Poland.svg Kubica
Spania Alonso
Brasil Piquet
Tyskland Rosberg
Japan Nakajima
Storbritannia Coulthard
10 Australia Webber
11 Italia Trulli
12 Tyskland Glock
14 Frankrike Bourdais
15 Tyskland Vettel
16 Storbritannia Button
17 Brasil Barrichello
18 Japan Sato
19 Storbritannia Davidson
20 Tyskland Sutil
21 Italia Fisichella
22 Storbritannia Hamilton
23 Flag of Finland.svg Kovalainen