BMW Sauber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Tyskland BMW Sauber
Nick Heidfeld 2006 Brazil.jpg
Fullt navn BMW Sauber F1 Team
Hovedkvarter Hinwil, Sveits og München, Tyskland
Teamsjef Tyskland Mario Theissen
Førere 3. Tyskland Nick Heidfeld
4. Flag of Poland.svg Robert Kubica
Testfører Flag of Austria.svg Christian Klien
Chassis F1.08
Motor BMW P86/8
Dekk Bridgestone
Formel 1 karriere
Debut Flag of Bahrain.svg Bahrains Grand Prix 2006
Siste løp Brasil Brasils Grand Prix 2007
Løp 35
Konstruktørmesterskap
Førermesterskap
Seiere
Pole positions
Raskeste Runder
Plassering 2007 2. plass (101 poeng)

BMW Sauber F1 er eit Formel 1 lag med basar i Hinwil, Sveits og München, Tyskland. Laget vart oppretta i slutten av 2005 då det dåverande Sauber-Petronas-laget vart kjøpt opp av den tyske bil-produsenten BMW. Sesongen 2006, som vart BMW sitt debutsesong, klarte laget å sikra seg to plasseringar på podiet og kom på ein femteplass i konstruktørmeisterskapen.

Røter[endre | endre wikiteksten]

Sauber[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Sauber

Peter Sauber bygde sin første bil i 1970. Sauber konkurrerte i motorsport gjennom 1970 og 1980-tala. I 1993 entra det sveitsiske laget Formel 1, med støtte frå Mercedes. Partnarskapen med Mercedes varte fram til 1994. Frå 1997 til 2005 brukte Sauber motorar frå Ferrari, merka som Petronas. Sauber klarte aldri å ta noko siger, pole position, eller raskaste runde i Formel 1. Sauber laget sitt mest suksessfulle sesong var i 2001, då det kom på ein fjerdeplass i konstruktørmeisterskapet.

BMW Motorsport[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: BMW Motorsport

Den tyske bil-produsenten BMW konkurrerte i Formel 1 som motorleverandør mellom 1982-1987 og mellom 2000-2005. Nelson Piquet vann førarmeisterskapet i 1983-sesongen i ein Brabham-BMW. I 2005 enda BMW sin avtale som motorleverandør til Williams-laget og kjøpte opp Sauber.

Historie[endre | endre wikiteksten]

2006[endre | endre wikiteksten]

For 2006-sesongen hadde BMW Sauber signert Nick Heidfeld frå Williams til å bli deira førsteførar, medan verdsmeisteren frå 1997, Jacques Villeneuve fortsette sin ekisterande kontrakt med Sauber. Polakken Robert Kubica vart henta inn som test- og reserveførar. Laget fortsette å nytte Sauber sine fasilitetar, i hovudsak til å utvikla chassis og testing i vindtunnel, medan BMW sitt hovudkvarter i München hadde ansvaret for å bygge P86 V8 motorane.

BMW Sauber skreiv «Thank You» helsing til Michael Schumacher bak på bilene deira under Brasil Grand Prix i 2006 siden det var tyskarens siste løp

Den tidlegare tittelsponsoren til Sauber, Petronas, fornya kontrakten sin med det nye laget, men no berre som sponsor, det same gjorde Credit Suisse. Før sesongen starta annonserte BMW Sauber eit teknisk samarbeide med Intel, med den grunn at det skulle gje eventuelle tekniske forbetringar til BMW sine gatebilar.

Den nye utsjånaden, som vart avduka i Valencia 17. januar 2006, var i dei tradisjonelle BMW-fargane; blå og kvit med antydningar til raudt.

Jacques Villeneuve sanka inn laget sitt første poeng med ein sjuandeplass under Malaysia Grand Prix2006, etter at Heidfeld måtte bryta frå ein femteplass med motorsvikt i slutten av løpet. Ved dei første to tredjedelane av sesongen scora førarane poeng jamnt og trutt.

Det var Nick Heidfeld som skaffa laget sin første podiumsplassering i Ungarn etter å ha starta frå tiande-beste startspor. Før dette løpet hadde Kubica tatt over som andreførar, då Villeneuve på grunn av medisinske grunnar ikkje kunne køyre etter ulykka han hadde under Tyskland Grand Prix. Kubica fullførde på en sjuandeplass, men vart seinare diskvalifisert etter at bilen hadde for låg vekt.

Kubica skaffa B;W Sauber den andre pallplassering i Italia, etter å ha lagt på ein tredjeplass i store delar av løpet. Heidfeld strevde og fekk så vidt eit poeng, då han enda på ein åttandeplass. Då 2006 sesongen var slutt låg BMW sauber på ein sterk 5. plass i konstruktørmeisterskapet.

2007[endre | endre wikiteksten]

Den 19. oktober 2006 vart det kjend at Robert Kubica skulle køyre 2007 sesongen, saman med Nick Heidfeld. Rolla som test og reserveførar fekk Sebastian Vettel. 16. januar lanserte BMW bilen for 2007, som fekk namnet F1.07.

Den nye bilen viste lovande prestasjonar under vintertestinga. Likevel var teamsjefen Mario Theissen bekymra for haldbarheiten til bilen, før sesongåpningen i Australia. Midt i løpet måtte Robert Kubica bryta frå ein femte plass grunna girkasseproblem, medan Nick Heidfeld beviste at tempoet deira frå testinga ikkje hadde vore flaks, då han køyrde inn til ein fjerdeplass. Heidfeld fortsette suksessen med to nye 4. plassar i Malaysia og Bahrain.

Canada Grand Prix gav blanda følelsar for laget. For medan Nick Heidfeld scora ein fantastisk andreplass, opplevde Robert Kubica eit stort krasj som resulterte i at safety car var ute i ein lang periode. Media vart først fortalt at Kubica hadde brekt foten, men etter ein legesjekk vart det påvist at det berre var snakk om ein forstuing i okla.

Sebastian Vettel erstatta Kubica i USA Grand Prix og fullførte på ein åttandeplass. Med dette var Vettel den yngste formel 1-føraren som har tatt poeng i meisterskapet. Like etter Europa Grand Prix, vart det annonsert at Vettel gjekk over som andreførar i Scuderia Toro Rosso.

2008[endre | endre wikiteksten]

21. august 2007, bekrefta BMW at Heidfelf og Kubica fortset som førarane deira for 2008 sesongen.[1].

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Sesong Chassis Motor Dekk Førarar 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 Poeng WCC
2006 F1.06 BMW P86 V8 M


BHR MAL AUS SMR EUR SPA MON GBR CAN USA FRA TYS UNG TYR ITA CHN JPN BRA 36 5th
Tyskland Nick Heidfeld 12 Ret 4 13 10 8 7 7 7 Ret 8 Ret 3 14 8 7 8 Ret
Flag of Canada.svg Jacques Villeneuve Ret 7 6 12 8 12 14 8 Ret Ret 11 Ret
Flag of Poland.svg Robert Kubica TD TD TD TD TD TD TD TD TD TDliste TD TD DSQ 12 3 13 9 9
2007 F1.07 BMW P86/7 V8 B AUS MAL BHR SPA MON CAN USA FRA GBR EUR UNG TYR ITA BEL JPN CHN BRA 101 2nd
Tyskland Nick Heidfeld 4 4 4 Ret 6 2 Ret 5 6 6 3 4 4 5 14 7 6
Flag of Poland.svg Robert Kubica Ret 18 6 4 5 Ret Inj 4 4 7 5 8 5 9 7 Ret 5
Tyskland Sebastian Vettel TD TD 8
2008 F1.08 BMW P86/8 V8 B AUS MAL BHR SPA TYR MON CAN FRA GBR TYS UNG EUR BEL ITA SIN CHN JPN BRA
Tyskland Nick Heidfeld
Flag of Poland.svg Robert Kubica

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: BMW Sauber


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
Italia Ferrari Tyskland BMW Sauber Frankrike Renault Storbritannia Williams Australia Red Bull Japan Toyota Italia Toro Rosso Japan Honda Storbritannia Super Aguri India Force India Storbritannia McLaren
Flag of Finland.svg Räikkönen
Brasil Massa
Tyskland Heidfeld
Flag of Poland.svg Kubica
Spania Alonso
Brasil Piquet
Tyskland Rosberg
Japan Nakajima
Storbritannia Coulthard
10 Australia Webber
11 Italia Trulli
12 Tyskland Glock
14 Frankrike Bourdais
15 Tyskland Vettel
16 Storbritannia Button
17 Brasil Barrichello
18 Japan Sato
19 Storbritannia Davidson
20 Tyskland Sutil
21 Italia Fisichella
22 Storbritannia Hamilton
23 Flag of Finland.svg Kovalainen