Supervulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Toba på Sumatra, som hadde utbrot for 74 000 år sidan. Kalderaen er tydeleg midt på biletet.

Supervulkan er eit upresist namn på ein vulkan som har hatt større og meir katastrofale utbrot enn dei ein kjenner direkte til frå historisk tid. Desse har hatt utbrot på 7 eller 8 på VEI-skalaen, som vil sei at dei har kasta ut meir enn 1000 kubikkilometer masse under utbrota. Slike utbrot kan påverke heile, eller store delar av verda. Når utbrotet er over, vil som regel jorda over det enorme magmakammeret kollapse og danna ein svær kaldera.

Den siste supervulkan ein kjenner til som har hatt utbrot var Lake Toba på Sumatra, som hadde eit enormt utbrot for kring 74 000 år sidan. Utbrotet påverka klimaet på jorda i lang tid då store mengder svoveldioksid og vulkansk oske vart kasta opp i stratosfæren. Klimaet vart kaldare og mange livsformer døydde ut. Dei siste to millionar åra har òg supervulkanar i Yellowstone og det austlege California i USA, og Lake TaupoNew Zealand hatt utbrot. Supervulkanen i Yellowstone har hatt utbrot med mellomrom på kring 600 000 år. Sidan det er 640 000 år sidan siste utbrot der, fryktar mange ekspertar at det skal skje eit nytt utbrot i geologisk nær framtid. Mellom anna hevar grunnen seg over vulkanen med over 70 cm i året enkelte stader, noko som har auka frykta for eit nærståande utbrot.

I Noreg finst ein 40 x 50 km brei kaldera på Vøringsplatået, 300 km vest for Bodø. Denne vulkanen hadde eit utbrot for kring 50-55 millionar år sidan. I permtida, for kring 299–260 millionar år sidan var det fleire utbrot frå supervulkanar i Oslofeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bryhni, Inge. (2009, 22. april). Supervulkan. I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/supervulkan.