Oslofeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oslofeltet (òg kalla Oslo Graben) er eit særprega geologisk område (paleorift eller graben), 45–75 km i breidd, som strekkjer seg frå Langesund i sør til Brumunddal i nord.

Feltet vart forma i oldtida til jorda, då superkontinentet Pangea tok til å sprekka opp. Ein del av jordskorpa sokk ned, og det vart mykje vulkansk aktivitet i området. Oppsprekkinga kunne ført til danninga av eit nytt havområde, men av ein eller annan grunn stogga prosessane opp. Nokre av dei same prosessane finst ved Riftdalen i Afrika i dag.

I Oslofeltet finn ein i dag dagbergartar som basalt og rombeporfyr i tillegg til djupbergartar som har fått lokale namn på grunn av skilnader i kjemisk samansetting og utsjånad. Drammensgranitt, nordmarkitt og larvikitt er kjende djupbergartar frå Oslofeltet. Ein kan òg finna avsetnadsbergartar (sedimentære bergartar) frå karbontida og permtida. Bergartane har i lang tid vore dekte av lågbergartar. Bergartane er rike på fossil og er verdskjende blant geologar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]