Sverre Farstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverre Melvin Farstad (8. februar 192027. mars 1978) frå Trondheim, var ein norsk skøyteløpar som representerte sportsklubben Falken.

Han vann gull og sette olympisk rekord med 2.17,6 på 1500 meter under OL 1948 i St. Moritz. Han vart europameister under EM på skøyter i Davos, Sveits 1949 og tok sølv under VM på skøyter 1947Bislett stadion i Oslo.

Han har dessutan NM-sølv i både vektløfting og roing.

Han vart tildelt Egebergs ærespris i 1947.

Då han døydde, jobba Sverre Farstad som sportsjournalist i Arbeiderbladet i Oslo.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Farstad.filene.no Nettsted dedikert til Sverre Farstad.
  • (en) Sverre Farstad – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • (en) Sverre Farstad – Profil og resultatoversikt på SpeedSkatingNews.info