Sweet and Heavy
«Sweet and Heavy» | ||
---|---|---|
Melodi Grand Prix 2013 | ||
Land | Noreg | |
Artist(ar) | Malin Pettersen, Stian Jørgen Sveen, Erlend Støylen Hølland, Even Reinsfelt Krogh og Pål Emil Berg | |
Alias | Lucky Lips | |
Språk | Engelsk | |
Komponist(ar) | Malin Pettersen | |
Låtskrivar(ar) | Malin Pettersen | |
Resultat | ||
Plass | Semifinale 3: Ukjend (valt ut som joker) Finalen: Ukjend |
«Sweet and Heavy» (engelsk for Søt og tung) er ein song av den norske musikkgruppa Lucky Lips, gjeven ut 30. januar 2013. Songen er skriven av Malin Pettersen.
Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Lucky Lips. Bidraget starta i den tredje semifinalen og gjekk opphavleg ikkje vidare til finalen. Dagen etter semifinalen vart bidraget vald ut som joker av ein jury. Kva for plassering bidraget fekk i finalen er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Melodi Grand Prix 2013» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 31. januar 2013.