Norsk rikskringkasting
Norsk rikskringkasting (til vanleg forkorta til NRK) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert over statsbudsjettet, samt av lisens frå TV-sjåarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks år med høve til forlenging seks år til. Frå 2007 har Hans-Tore Bjerkaas vore kringkastingssjef.
Kringkasting er ei norsk omsetjing av det engelske ordet «broadcasting». Ordet «rikskringkasting» er òg inspirert av den tyske nemninga «Reichsrundfunk». Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Corporation, BBC.
Omestjinga vart brukt første gongen i 1924]og vart offisiell nemning frå 1925. Kringkasting innebar opphavleg trådlaus utsending av lyd (tale/musikk), og etterkvart òg levande bilete.
Innhaldsliste |
Historikk [endre]
Kringkasting i Noreg vart starta i 1924 av det private selskapet Kringkastningselskapet A/S. Dette var forgjengaren for Norsk rikskringkasting som vart etablert i 1933. NRK var eigd og kontrollert av Staten. Selskapet hadde monopol på kringkasting fram til 1980-talet, då dei første lokalradioane fekk etablere seg. I TV-marknaden var dei einerådande fram til opninga av TV2 i 1992.
I dei første tretti åra var NRK sitt einaste produkt radio. I 1954 starta selskapet dei første prøvesendingane for fjernsyn og starta regulære TV-sendingar i 1960. Fargesendingar vart først prøvd i 1972 med regulære fargesendingar frå 1975.
NRK har hovudkontoret sitt på Marienlyst i Oslo. Distriktskontor vart for alvor etablert på 70- og 80-talet, mellom anna Sámi Radio. Tekst-TV starta sendingar i 1983.
NRK vart statleg aksjeselskap i 1996. Internettsatsinga starta i 1994.
NRK Opplevelser vart opna i 2003. Dette besøkssenteret inneheld NRK si historie i lyd og bilete.
NRK sine stasjonar/kanalar [endre]
- Radio
- NRK P1 (starta i 1933)
- NRK P2 (starta i 1983)
- NRK P3 (starta i 1993)
- NRK Klassisk (starta i 1995)
- NRK Alltid Nyheter (starta i 1997)
- NRK Alltid Folkemusikk (starta 7. desember 2004)
- NRK Alltid Jazz (starta i 2000, lagt ned same år)
- NRK Metro (starta i 2000, lagt ned i 2001)
- NRK mP3 (starta i 2000)
- NRK Stortinget (starta i 2000)
- NRK Sápmi (dei fyrste samiske radiosendingane starta i 1946)
- TV
- NRK1 (starta i 1960)
- NRK2 (starta i 1995)
- NRK3 (starta i 2007)
- NRK1 Teiknspråk (starta i 2001?)
- NRK1 HD (starta 12. februar 2010)
Forkortinga [endre]
N.R.K. som forkorting slo gjennom i 1945. Endå seinare vart «NRK» vanleg.
Før 1945 var den meste brukte forkortinga NR (eller N.r. og N.R.). Raudekrossen (Norges Røde Kors) protesterte mot at NRK skulle tyda "Norsk rikskringkasting".
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Fjernsyn | NRK1 · NRK2 · NRK3/NRK Super |
| Radio | NRK P1 · NRK P2 · NRK P3 · NRK mP3 · NRK Alltid Nyheter · NRK Klassisk · NRK Alltid Folkemusikk · NRK Stortinget · NRK Sport · NRK Super · NRK Gull · NRK Sápmi · NRK Oslofjord |
| Andre tenester | NRK.no · NRK Nett-TV · NRK Nettradio · yr.no · NRKbeta · UT.no · NRK Tekst-TV |
| Divisjonar | NRK Kringkasting · NYDI · NRK Program Oslo · NRK Program riks |
| Programavdelingar Oslo | NRK Barn og ungdom · NRK Drama · NRK Fakta · NRK Kultur · NRK Underholdning |
| Programavdelingar riks | NRK Riksfjernsyn · NRK Riksradio |
| Distriktskontor | NRK Hedmark og Oppland · NRK Hordaland · NRK Møre og Romsdal · NRK Nordland · NRK Rogaland · NRK Sogn og Fjordane · NRK Sørlandet · NRK Troms og Finnmark · NRK Trøndelag · NRK Østafjells · NRK Østfold · NRK Østlandssendingen |
| Hovudkontor | NRK Marienlyst · NRK Tyholt |