I Feed You My Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Feed You My Love»
Singel av Margaret Berger
frå albumet Chastisement
Land Noreg
Språk Engelsk
Sjanger Elektronisk
Lengd 3:03
Selskap Macho Records
Tekstforfattar Karin Park
Låtskrivar(ar) Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson

«I Feed You My Love» var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Margaret Berger. Songen er skriven av Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson, og vart gjeven ut 23. januar 2013.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Margaret Berger. Bidraget deltok i den andre semifinalen, vann og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk bidraget vidare til gullfinalen, vann og fekk representere Noreg.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Ei trekning på hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen.[1] Den andre semifinalen vil finne stad 16. mai 2013 i Malmö Arena. Noreg deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige og enda på tredjeplass med 120 poeng; tolv frå Latvia, Island og Spania, ti frå Finland, åtte frå Georgia, Sveits og Romania, sju frå Makedonia, Bulgaria og Ungarn, fem frå San Marino, Aserbajdsjan, Israel og Armenia, fire frå Hellas, tre frå Malta og to frå Tyskland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,50 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,80. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[2] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på fjerdeplass med 191 poeng; tolv frå Finland, Sverige og Danmark, ti frå frå Island, åtte frå Romania, Italia, Latvia og Makedonia, sju frå Belgia, Russland, Tyskland, Serbia, San Marino og Sveits, seks frå Litauen, Nederland og Israel, fem frå Spania og Slovenia, fire frå Hellas, Georgia, Montenegro og Kypros, tre frå Estland, Kviterussland, Malta, Armenia, Ukraina og Kroatia, to frå Moldova, Ungarn, Aserbajdsjan og Albania og eitt frå Bulgaria. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget sjetteplass med ei rangering på 7,14 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 8,23.[2] «I Feed You My Love» vart det sjette beste norske bidraget sidan Noreg debuterte i 1960, og det beste sidan Alexander Rybak vann med «Fairytale» i 2009.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlasting[3]
  1. I Feed You My Love – 3:02
Digital nedlasting[4]
  1. I Feed You My Love (Extended Version) – 3:19
Remixes EP[5]
  1. I Feed You My Love – 3:02
  2. I Feed You My Love (Macho Collective Remix) – 3:15
  3. I Feed You My Love (Robin Low Remix) – 6:15
  4. I Feed You My Love (Jay Hardway Remix) – 4:58
  5. I Feed You My Love (Dan Miles & Di Ferro Remix) – 6:11
  6. I Feed You My Love (Torus Flow Remix) – 6:11
  7. Video: I Feed You My Love (Official Norwegian ESC Entry) – 3:11
  8. Video: I Feed You My Love (Official Promo Video) – 3:02

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 51
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 24
Danmark (Danmark Hit 100)[8] 41
Danmark (The Chartbase Chart Top 100)[9] 7
Danmark (Tracklisten)[10] 36
Finland (The Official Finnish Download Chart)[11] 3
Tyskland (Media Control AG)[12] 24
Island (Tónlist)[13] 8
Irland (IRMA)[14] 54
Nederland (Mega Single Top 100)[15] 49
Noreg (VG-lista)[16] 4
Sverige (Sverigetopplistan)[17] 33
Sveits (Schweizer Hitparade)[18] 26
Storbritannia (Official Charts Company)[19] 80
UK Indie (Official Charts Company)[20] 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Running order Malmö 2013 to be determined by producers» (på engelsk). Eurovision.tv. 7. november 2012. Henta 15. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 7. juli 2013. 
  3. «iTunes - Music - I Feed You My Love - Single by Margaret Berger». iTunes. Henta 21 March 2013. 
  4. «I Feed You My Love (Extended Version): Margaret Berger - amazon.de». Amazon. Henta 20 May 2013. 
  5. «I Feed You My Love (Special Version): Margaret Berger - amazon.de». Amazon. Henta 20 May 2013. 
  6. "Margaret Berger – I Feed You My Love – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  7. "Ultratop.be – Margaret Berger – I Feed You My Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  8. Danmark Hit 100
  9. The Chartbase Chart Top 100
  10. "Danishcharts.com – Margaret Berger – I Feed you my love". Tracklisten. Hung Medien.
  11. The Official Finnish Downloads Chart[daud lenkje]
  12. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  13. «Icelandic Singles Chart». Tonlist.is. Henta 21. mai 2013. 
  14. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  15. "Dutchcharts.nl – Margaret Berger – I Feed You My Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  16. "Norwegiancharts.com – Margaret Berger – I Feed You My Love". VG-lista. Hung Medien.
  17. "Swedishcharts.com – Margaret Berger – I Feed You My Love". Topp 60. Hung Medien.
  18. "Margaret Berger – I Feed You My Love – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  19. «Eurovision 2013: The real winners revealed!». Official Charts Company. 26. mai 2013. Henta 21. mai 2013. 
  20. "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]