Syftesok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Syftesok er ein gammal norsk merkedag den 2. juli. Dagen er katolsk festdag til minne om den heilage Svithun av Winchester. Namnet tyder 'Svithuns-vaka', men er også sett i samanheng med verbet syfte, 'å reinske'. Dagen fell saman med Maria besøksdag.

Stavanger domkyrkje var vigd til St. Svithun, og på primstavar frå bispedømet rundt blei dagen gjerne merkt med ein bispestav.

Vaka for St. Svithun blei i tidlegare tider gjerne feira med bålbrenning. I Telemark skal ein ha hatt skikkar som skulle reinska åkeren for ugras på syftesok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]