Sykkelhjelm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sykkelhjelm frå 2000-talet.
Foto: Ralf Roletschek
Sykkelhjelm frå 1940-talet.
Foto: Eva K.

Ein sykkelhjelm er ein hjelm laga for å verne kraniet ved sykkelulykker. Hjelmen er som oftast eit ganske luftig hovudplagg av lette syntetiske material, som vil redusera hovudskader viss ein slår hovudet medan ein har på seg hjelmen. I tidsskrift om legevitskap er det debatt om det blir færre hjerneskadar om fleire brukar hjelm. Bruk av sykkelhjelm har vorte meir og meir vanleg i Noreg og andre land. Men sykkelhjelm er veldig uvanleg i andre landa der mange syklar, som Nederland, Danmark og Tyskland.

Påbod[endre | endre wikiteksten]

Å bruka sykkelhjelm når ein syklar i trafikken er ikkje påbode i Noreg, korkje for born eller vaksne. Å nekte folk å sykle om dei ikkje brukar hjelm har verte diskutert lenge i Noreg og i utlandet. Eit framlegg om eit slikt påbod er no (2008) til handsaming i Samferdsledepartementet. Vegdirektoratet har frarådd departementet å vedta ei slik lov, av di ein har sett i andre land at påbod om hjelm gjer at færre syklar. Helsevinsten og miljøvinsten når folk syklar er viktigare enn vinsten av hjelmpåbod.

Tilhengjarane av eit påbod om hjelm får støtte frå Verdas helseorganisjon, WHO. Motstandarar rettar skarp fagleg kritikk mot argumenta, grunn-dataa og tolkninga av dei.

Kritikarana av hjelmpåbod peikar óg på vitskapsartiklar som konkludera med at hjelmpåbod i Australia, New Zealand og Nova Scotia ikkje har redusert hovudskadane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sykkelhjelm
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.