Systrond skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Systrond skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1] Ho femna om Leikanger sokn, og i tillegg gardane Vestreim, Eitorn og Eitornsgjerdet i Tjugum sokn. Det same området tilsvarar etter grenseregulering 1964 Leikanger sokn unnateke gardane Hella og Rud. Systrond (gammal dansk skrivemåte Sjøstrand) vert òg nytta som bygde- og soknenamn i kvardagsmål.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1837 vart Systrond skipreide, Tjugum skipreide og ein del av Kvamsøy skipreide slegne saman til Leikanger tinglag.[2]

Leikanger, òg kalla Systrond

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]