Tõnu Õim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tõnu Õim (fødd 16. juni 1941) i Tallinn) er ein estisk sjakkspelar og Stormeister i fjernsjakk, mest kjend for å vere den første som klarte å vinne Verdsmeisterskapen i fjernsjakk to gongar, i 1983 og 1999.

Tõnu Õim vart utnemnd til stormeister i fjernsjakk av ICCF i 1981. [1]

Han vann den 9. VM-finalen i fjernsjakk, som gjekk frå 1977-1983, med 13 poeng av 16 moglege, +10 = 6, ingen tap.[2]

I den 12. VM-finalen, 1984-1991, vart det ein 6-plass med 8,5/14, +5 =7 -2.[3]

Han vann deretter den 14. VM-finalen,1994-2000, med 11/14, +9 =4 -1.[4]

Han har klart stormeisterkravet i fjernsjakk fire gongar, i 9. og 14. VM-finalane som han vann, og i Paul Keres 85 minneturnering avslutta i 2004 med 8/14, +3 =10 -1,[5] og Axelsson minneturnering. [6]

Han klarte også 50 %, 4 av 8 og ein 5-plass av dei 9 deltakarane i ICCF si 50-års-jubileumsturnering 2001-2004, ei turnering som bestod av 9 tidlegare verdsmeistrar i fjernsjakk.[7]

Minneverdige sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]