T-skjorte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
T-skjorte med T-en markert. Teikning: Christian Glaeser.
Bilde av ei typisk t-skjorte.

Ei t-skjorte er ei enkel skjorte med beine liner og korte ermer som gjev henne form som ein T. Opphavleg var ho berre brukt som ei underskjorte, men i dag er det òg vanleg å bruka berre t-skjorte som overplagg i avslappa samanhengar. Dei første t-skjortene var enkle kvite bomullsplagg, men dei blei etter kvart laga i ulike fargar og med mønster eller påtrykt tekst. T-skjorter blir brukte av begge kjønn og av folk av alle aldrar, sjølv om dei nok er mest populære blant ungdom.

Den moderne uniforma: Dongribukse og T-skjorte med tekst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Undertrøyer med t-form var lenge i bruk i Europa som undertøy for menn. Under den første verdskrigen fekk sveittande ullkledde soldatar frå USA augene opp for dei lette bomullsplagga som europeiske soldatar brukte under uniformen. Dei amerikanske soldatane tok til å bruka desse, og i den andre verdskrigen fekk dei utdelt t-skjorter som standard undertøy.

Etter krigen tok ein til å gå med t-skjorta utan skjorte over. Filmstjernene John Wayne, Marlon Brando og James Dean hadde alle dette antrekket då dei var på fjernsyn. Publikum blei først sjokkerte, men godtok etter kvart bruken. Då James Dean brukte ei slik skjorte i filmen Rebel Without A Cause i 1955, blei t-skjorta eit moteplagg.

1960-talet fekk ein nye variantar av sjølve plagget, som til då berre hadde hatt korte ermer og rund krage. Nå blei det òg laga t-skjorter utan ermer og med V-kragar og mykje anna. Folk tok òg til med å dekorera og farga t-skjortene sine. Etter kvart blei det heilt vanleg å bruka t-skjorter til å uttrykka noko ein stod for eller spreia reklame.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: T-skjorte