Skjorte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tradisjonell blå skjorte med lange erme, nedfelt krage og knappeopning langs heile framsida.

Skjorte (norrønt skyrta eigentleg 'kort plagg') er eit klesplagg for overkroppen med krage og lange eller korte erme og opning ved bringa eller nedover heile framsida. Skjorter blir gjerne lukka med knappar i opningen. Knappar kan også brukast til å halda nede snippen av kragen og til å samla mansjettar ytst på lange erme. Skjorter kan ha små brystlommar og eventuelt klaffar på ermene.

Skjorte er ein viktig del av formelle draktar som dress, kjole og kvitt og liknande. Medan plagget i tidlegare vestleg drakthistorie nærast var å rekna som eit underplagg for menn, er skjorte no eit vanleg ytterplagg for menn og kvinner. Bluse er eit liknande plagg som gjerne er lausare enn ei skjorte.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bønder slår korn i undertøyet i ein illustrasjon frå 1400-talet. Mannen ber ei kvit skjorte.

Linskjorter eller kjortlar er kjende frå det gamle Egypt, også med isydde erme. Det finst også biletdøme på skjorter eller kjortlar frå norrøn tid, som i biletteppet frå Oseberg-funnet.[2]

Skjorta blei ein viktig del av mannsdrakten mot slutten av mellomalderen. På 1300-talet bar den anglo-normanniske adelen skjorter med linning og mansjettar, og ved slutten av 1400-talet blei skjorter sydd både i ull, lin og silke. På 1500-talet blei skjortene pynta med broderi, kniplingar og rysjar, og ytterplagga var gjerne ringa så skjortebrystet var synleg.[2] I mellomalderkunst er berre lågstatuspersonar som gjetarar, fangar og angrande syndarar avbilda med synleg, det vil seia utildekt, skjorte.[3] Skjorta kunne brukast til nattskjorte, som etter kvart blei eit eige utforma plagg.

Amerikanske båtfolk i berre skjorta, ein av dei med farga skjorte. Måleri av George Caleb Bingham frå 1846.

På 1700-talet blei skjorta gjerne pynta i brystet med kalvekryss. Dette blei seinare erstatta av farga tørkle og seinare sløyfe eller slips. På 1800-talet byrja ein ta i bruk skjorter av farga tøy, først på folkeleg nivå medan høgare klasser berre brukte bleika kvite skjorter. Fram til andre verdskrigen hadde desse mannsskjortene som oftast laue, stiva snippar og mansjettar.[2] På midten av 1800-talet byrja kvinner bera ei enkel, «maskulin» skjorte med jakke og skjørt til dagleg.[4] Plagget er etter kvart blitt meir vanleg også for kvinner.[2]

Fram til rundt 1930-åra trekte ein gjerne skjorta over hovudet, deretter blei frontopning heilt ned vanlegare. Rundt denne tida blei også påsydde mansjettar og snippar mest vanlege, og dei var mindre stiva enn før. Det blei vanleg å bruka farga eller mønstra stoff til skjorter, som ruter, striper eller gjentakande figurar, som på hawaiiskjorte.

Skjorta er framleis ein viktig del av påkledning for menn. Ho kan brukast med slips og eventuelt dress.[2] Ein annan vanleg kombinasjon er farga eller mønstra skjorte og uformell bukse, som dongeribukse.

Skjorte som del av folkedrakt[endre | endre wikiteksten]

Bunadskjorter følgjer draktskikk frå før 1900 og blir som regel dregne over hovudet. Dei er oftast sydd av lin. Skjortene kan vera utsmykka med broderi i kvitsaum, svartsaum eller fleirfarga ullgarn.[2]

Kosovorotka er ein type russisk skjorte med brodert halsopning plassert på eine sida av brystet, i staden for sentralt som i mange vestlegare skjorter.

Guayabera er ei særeigen form for latinamerikansk skjorte, kjenneteikna av broderi, fleire lommar og plissésaumar.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skjorte

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. bluse i Ordbog over det Danske Sprog
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 skjorte (27.02.2013) i Store norske leksikon.
  3. C. Willett and Phillis Cunnington, The History of Underclothes, Dover Publications Inc., New York 1992. ISBN 0-486-27124-2 pp. 23-25. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. Introduction to 19th-Century Fashion, Victoria and Albert Museum (vam.ac.uk)