TV-serien Sherlock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benedict Cumberbatch speler Sherlock Holmes i Sherlock.
Martin Freeman speler John Watson.

Sherlock er ein britisk kriminalserie skapt av Mark Gatiss og Steven Moffat for BBC. Fjernsynsserien hadde premiere i 2010 med tre episodar med tre nye episodar i høvesvis 2012 og i 2014. Benedict Cumberbatch og Martin Freeman i hovudrollene som Sherlock Holmes og Dr. John Watson. Andre skodespelarar i serien er Andrew Scott, Rupert Graves, Louise Brealey og Una Stubbs. Serieskaparen Mark Gatiss speler broren til Sherlock, Mycroft Holmes.

Serien er ein modernisert og omarbeidd versjon av Arthur Conan Doyle sine forteljingar om meisterdetektiven Sherlock Holmes. Serien har mange element frå dei opphavlege forteljingane, som Baker Street-addressa, John Watson som ein militærlege såra i ein krig i Afghanistan og delar av mysterium og skurkar, og frå andre dramatiseringar, som den kjende deerstalkerhatten.

Sherlock blei godt motteken av kritikarar og publikum. Han blei nominert til ei rekkje prisar, som BAFTA, Emmy og Golden Globe, og vann fleire av dei i ulike kategoriar.

Episodar[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1 (2010)[endre | endre wikiteksten]

  • «A Study in Pink»
  • «The Blind Banker»
  • «The Great Game»

Sesong 2 (2012)[endre | endre wikiteksten]

  • «A Scandal in Belgravia»
  • «The Hounds of Baskerville»
  • «The Reichenbach Fall»

Sesong 3 (2014)[endre | endre wikiteksten]

  • «The Empty Hearse»
  • «The Sign of Three»
  • «His Last Vow»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.