Tag der Deutschen Einheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagg og folk utanfor Riksdagen i Berlin den 3. oktober 1990.

Tag der Deutschen Einheit, 'dagen for tysk sameining', er nasjonaldag i Tyskland og blir feira den 3. oktober, til minne om sameininga av Aust- og Vest-Tyskland på denne datoen i 1990.

Det kunne vore meir naturleg å legga feiringa til dagen Berlinmuren fall i 1989, den 9. november, som òg var datoen den første tyske republikken blei grunnlagd i 1918 og dagen kuppforsøket til Hitler blei avverga i 1923. Dessverre var 9. november òg dagen for Kristallnacht, dei første store nazist-leidde forfølgingane av jødar, i 1938. Derfor blei dagen då den formelle sameininga fann stad vald i staden.

Til forskjell frå til dømes den franske nasjonaldagen blir den tyske sameiningsdagen feira utan militærparadar.

Før sameininga feirte Vest-Tyskland ein dag med same namn den 17. juni. Dette var ei noko propagandastyrt markering av eit austtysk opprør i 1953, hovudsakleg mot auka arbeidskvoter, som blei slått ned med sovjetisk hjelp. I Aust-Tyskland var nasjonaldagen den 7. oktober.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tag der Deutschen Einheit