Taiwansundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Taiwansundet (Taiwan Strait)

Taiwansundet eller Formosasundet er eit 180 kilometer breitt sund mellom det kinesiske fastlandet og øya Taiwan. Sundet vert rekna som den nordlegaste delen av Sørkinahavet, lenger mot nordaust fylgjer Austkinahavet. På sitt smaleste er sundet 131 km breitt.

Vest for Taiwansundet ligg provinsen Fujian, på kysten av denne ligg mange små øyar. Mot aust er kysten av Taiwan, medan Pescadores-øyane ligg ute i sørdelen av sundet. Havområdet er rikt på fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]