Fujian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fujian si plassering i Kina

Fujian (hanzi 福建, pinyin Fújiàn) er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet.[1] Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 36,27 millionar. Fuzhou er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田). Dei høgstliggande delane er i nord, med Wuyi Shan som dannar grense mellom Fujian og Jiangxi. Av dei kinesiske provinsane er han den mest skogdekte av alle, i 2009 voks det skog på 62,96 % av flatevidda.[2] Høgste fjelltoppen i Fujian er den 2 157 meter over havet høge Huanggang i Wuyi Shan.

Fujian vender mot Austkinahavet i aust, Sørkinahavet i sør, og mot Taiwansundet i søraust. Fujian er skilt frå Taiwan av det 180 km vide Taiwansundet. Kyststrekninga er ulendt med mange bukter og øyar. Mellom dei største øyane er Quemoy, kontrollert av Taiwan, samt Haitan og Nanri.

Elva Min Jiang, med sine sideelvar, deler opp mykje av det nordlege og sentrale Fujian. Andre elvar er Jin Jiang og Jiulong. Med den ujamne topografien, har Fujian mange klipper, hamrar og fossar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

98 % av innbyggarane i Fujian er han-kinesarar. Ulike min-talande folk utgjer dei største undergruppene av han-kinesarar i provinsen. Hoklo, foochow, teochew og putian er mellom desse.

Hakkaer, eit han-kinesisk folk med sin eigne særkjenne, bur i dei sørvestlege delane av provinsen. Hui'an, også ei grein av han med særeigen kultur, bur på søraustkysten av Fujian, nær Chongwu i Hui'an fylke. Shefolk, spreidd over fjellområde i nord, er den største minoritetsgruppa i provinsen.[3]

Forfedrane til mange etniske kinesarar rundt om i verda, særleg i Søraust-Asia, vandra ut frå Fujian. Etterkomarar av fujianske emigrantar utgjer ein majoritet av kinesarar busett i Singapore, Malaysia, Indonesia og Filippinane. Fujian, særleg Fuzhou, er den største avsendaren av kinesiske emigrantar til US-Amerika.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fujian har eit subtropisk klima med varme vintrar. På kysten ligg middeltemperaturen i januar kring 7–10 °C, i åslandskapet kring 6–8 °C. Om sommaren er temperaturane høge, og provinsen kan verte råka av tyfonar som kjem inn frå Stillehavet. Normal årsnedbør ligg mellom 1 400 og 2 000 mm.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fujian har sidan 1970-åra gått frå å vere ein av Kinas fattigaste provinsar til å verte ein av dei rikaste. Men bruttonasjonalprodukt per innbyggjar er likevel det lågaste av kystprovinsane.

Frå 1949 og fram til 1979 vart Fujian rekna som eit militært frontlinjeområde mot Taiwan, og næringslivet fekk ingen stimulansar. Ein tungindustriell akse frå Nanping til Longyan i det indre av provinsen var einaste større næringsutviklinga.

Fujian er kupert og har heller lite jordbruksland. Målt mot folketalet har Fujian minst jordbruksareal av alle provinsar i Kina, og er ikkje sjølvforsynt med mat. Grunna topografien er landbruket konsentrert om dei austlege og sørlege delane av provinsen. Det varme klimaet og rikelege nedbørsmengder gjev elles gode tilhøve for landbruk. Ris er den viktigaste kornavlinga, deretter søtpoteter, kveite og bygg. Ein haustar jamt tre avlingar om året, i eit rotasjonssystem der ris vert kombinert med andre vekstar. Dyrking av salsvekstar som sukkerrøyr, raps, tobakk, erter og ei rad ulike tropiske frukter har auka kraftig i kystområda. Provinsen er ein leiande teprodusent i Kina, og har den største totalavlinga med longan. Fujian var tidleg ute med reformer i landbruket, og produktivitetsveksten var stor gjennom heile 1980- og 1990-åra. Driftseiningane er i hovudsak små. I 1998 sysselsette jordbruket 81 % av befolkninga.

Rundt halvparten av landarealet er dekt av skog. Mest drivverdig skog finn ein nord i provinsen. Fujian er mellom dei leiande fiskeriprovinsane i Kina med rike fiskeri langs kysten. Havbruk, med vekt på skaldyr, er ei viktig næring.

Fujian og naboprovinsen Guangdong fekk ei nøkkelrolle då Kina etter 1978 la om den økonomiske politikken. I 1980 fekk Xiamen status som ei av fire «særlege økonomiske soner». Denne førte til store utanlandske investeringar, også frå Taiwan, der folket talar same dialekten som i det sørlege Fujian. Særleg fart skaut utbygginga av eksportorientert industri, som vart basert på billeg arbeidskraft. Industrien er dominert av mange små føretak i både lettindustrien og den tyngre foredlingsindustrien. Det meste er konsentrert langs kysten i byprefektura Xiamen, Zhangzhou, Quanzhou på den eine kanten og Fuzhou på den andre.

Handelen med matvarer som sukker, hermetikk, krydder, keramikk, vesker, klede, elektriske- og elektroniske komponentar, bygningsmaterialar og kjemiske produkt er svært omfattande. Xiamen, Quanzhou og Zhangzhou står for 40 prosent av bruttonasjonalprodukt i Fujian-provinsen.

Tenesteytande næringar som turisme, finans og infrastruktur er bygd opp med kapital frå Hong Kong. Hamnene er mykje utbygde, dei største er i Xiamen, Fuzhou og Quanzhou.

Handelen med den kinesiske heimemarknaden er hemma av få jarnvegar. Topografien har vore hindringa for jarnbanen, så vegnettet er dess viktigare. Xiamen og Fuzhou har internasjonale flyplassar. Frå desember 2008 har Fujian hatt direkteruter med Taiwan frå desse to flyplassane.

Energiforsyninga er basert på vasskraft, supplert med varmekraft.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Provinsen er delt opp i ni einingar på prefekturnivå:

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Fujian prfc map.png
Subprovinsell by
2 Xiamen 厦门市 Xiàmén Shì Siming
Byprefektur
1 Fuzhou 福州市 Fúzhōu Shì Gulou
3 Longyan 龙岩市 Lóngyán Shì Xinluo
4 Nanping 南平市 Nánpíng Shì Yanping
5 Ningde 宁德市 Nánpíng Shì Jiaocheng
6 Putian 莆田市 Pútián Shì Chengxiang
7 Quanzhou 泉州市 Quánzhōu Shì Fengze
8 Sanming 三明市 Sānmíng Shì Sanyuan
9 Zhangzhou 漳州市 Zhāngzhōu Shì Xiangcheng

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den kinesiske oldtida[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn frå Keqiutou (壳丘头 på øya Pingtan, 70 km søraust for Fuzhou, viser at yngre steinalder slo inn i det nordlege Fujian ca 6 000 år f.Kr. Funna omfattar verktøy av steinar, knoklar, skjel og jade; nåler og spinnrokkar viser at folk kjende til vevkunsten. I Tanshishan (昙石山) er oppdaga halvt underjordiske sirkelforma bygningar, og funn i Huangtulun (黄土崙, datert til ca 1 300 år f.Kr.) tyder på at bronsealderen var i gang.

Funna viser at urinnvånarane i provinsen var austronesarar. Truleg hadde dei vandra inn over havet frå Søraust-Asia. Dei var nesten ukjende med jordbruk og livnærte seg ved fiske. Desse menneska med «store auge, flate naser og tatoverte kroppar» slo seg ned særleg langs elva Min. Busettinga i det kringliggande, svært ulendte og skogdekte området var tynn. Først under Qin- og Han-dynastiet vart området utforska av han-kineserane. Dynastia sende ut embetsmenn for å bygge opp forvaltningsstrukturar. Urinnvånarane vart under Han-dynastiet trengt nordover, og hamna til sist nord for dagens Shanghai.

Det gjekk lang tid før folka vart vovne inn i den kinesiske kulturkrinsen, for under krigarrika-tida etablerte eit rivaliserande rike seg i Fujian. Kongeslekta Yue hadde grunnlagt riket på 200-talet f.Kr., etter at deira gamle rike var erobra av staten Chu. Under Qin-dynastiet vart området formelt innlemma i Qin-området. Då Qin-dynastiet braut saman etter få år og det vart borgarkrig, støtta kong Wuzhu av Minyue krigsherren Liu Bang i hans kamp mot Xiang Yu. Liu Bang oppretta seinare med Wuzhu si hjelp Han-dynastiet, og i år 202 f.Kr. fekk Minyue status som eit uavhengig, men tributtpliktig kongerike. Minyue fekk bygge festningar, til dømes i Fuzhou og i Wuyi Shan, og rett til å utvide sitt herredømme ut over dagens Fujian. Minyue rådde då over Fujian, det austlege Guangdong, det sørlege Zhejiang og det austlege Jiangxi. Kulturelt vart Minyue sinifisert. Kulturen var ei blanding av austronesiske og hankinesiske element.

Etter kong Wuzhu døydde, hevda kongedømmet sine militære tradisjonar ved stadige angrep på grannefolk. I 111 f.Kr. gjekk han-keisaren til angrep for å fjerne trusselen som låg i eit sterkt Minye. Keisaren angreip kongedømmet i ein koordinert aksjon frå sjøsida og over land. Dermed fall Minyue. Herskarane i Fuzhou gav opp kampen før det kom til endeleg militært nederlag.

Han-dynastiet gjekk i oppløysing tidleg på 200-talet. Området vart under dei tre rikas tid kontrollert av Wu-dynastiet. Grunnleggaren av Wu, Sun Quan, brukte nesten tjue år på å få Shan Yue-folket til å underkaste seg.

Tidleg på 300-talet, etter det vestlege Jin-dynastiet braut saman, vart Kina angripe av nomadefolk frå nord. Dette og fleire borgarkrigar førte til stor innvandring av kinesarar til Fujian. Dei fleste immigrantane stamma frå åtte sentralkinesiske klanar; Lin (林), Huang (黄), Chen (陈), Zheng (鄭), Zhan (詹), Qui (邱), He (何) og Hu (胡). Dei fire førstnemnde namna er mellom dei vanlegaste slektsnamna i dagens Fujian.

Folketalet i Fujian vart verande relativt lågt, grunna det ulendte landskapet. Utviklinga av jordbruket gjekk seint og låg langt etter det meste av det øvrige Kina. Berre to kommanderi og 16 distrikt vart oppretta i området. På same måte som dei andre sørlege provinsane vart Fujian mottakar av fangar eller forviste dissidentar.

I nord- og sør-dynasti-tida låg Fujian under maktfeltet til dei sørlege dynastia. Herskarane la sterkt vinn på å få han-kinesarar til å busette seg i Fujian.

Blomstringsperioden under Tang- og Ming-dynastia[endre | endre wikiteksten]

Frå Tang-dynastiet si tid, 618-907, var Fujian ein sentral del av det kinesiske keisarriket. Utviklinga i provinsen har sidan då vore prega av handel og sjøfart. Under Tang- og Song-dynastia flytta Kinas økonomiske tyngdepunkt sørover, særleg etter An-Lushan-opprøret700-talet var immigrasjonen til sørområda sterk. Innvandrarane vart under Dei fem dynastias og ti kongedømmas tid leia av general Wang. Kongeriket Min vart danna, med Fuzhou som hovudstad. Etter Wangs død vart Min-riket sterkt svekka av indre strid, og etter kort tid vart riket slukt av det sørlege Tang-dynastiet.

Folketalet i området vart seksdobla i løpet av 150 år. Dette førte på den eine sida til ein kamp for å få strekt landbruksressursane så det vart nok mat til alle. På den andre sida hadde ein tilstrekkeleg arbeidskraft til å kunne bygge risterrassar, vinne ny jord og byggje irrigasjonskanalar. Fujian var i Kina på 900-talet teknologisk leiande på desse felta. Byen Fuzhou vart ein viktig hamne- og handelsby, eksporten av te var særleg viktig.

Frå 800-talet busette arabiske handelsfolk seg i Kina. Dei dreiv handel først og fremst frå Quanzhou. Quanzhou vart snart ei større handelshamn enn Fuzhou og Guangzhou. Ei tid var byen truleg den største hamnebyen i heile Orienten. Under første del av Ming-dynastiet var Quanzhou utgangspunkt for admiral Zheng He sine store ekspedisjonar, den første av dei tok til i 1405. Ved sidan av auka handel og sjøfart var det også eit stort oppsving innan handverk, kunst og vitskap. Fujian høyrde då til Kinas mest velståande område. Relativt mange av dei høgre embetsmenn i keisarriket, frå Song- til Yuan-dynastiet, stamma frå Fujian. Tida frå 1000-talet til 1300-talet vert rekna som ein gullalder for Fujian.

Eit opprør av ikkje-kinesarar i byen Quanzhou øydela byen. Samstundes truga japanske piratar dei sørkinesiske kystane. Sentralregjeringa svara med eit forbod mot sjøhandel. Handelen leid av at mudder la seg i elvehamna til Quanzhou. Yuan-dynastiet sitt fall styrta regionen ut i kaos. Sjølv om sjøhandelsforbodet vart heva i 1550, etter at sjørøveriet var knust av kinesarane og av japanarane under Toyotomi Hideyoshi, tok ikkje handelen seg oppatt til sitt tidlegare nivå. Handelsbyar utanfor Fujian, så som Guangzhou, Hangzhou, Ningbo og Shanghai, tok over det meste.

Det sterke økonomiske oppsvinget hadde ført til kraftig befolkningsvekst. Nedgangstidene som følgde, førte til massiv utvandring. Fujianesarar slo seg ned på Taiwan, Filippinane og i delar av det moderne Malaysia og Indonesia. Ming-dynastiet sitt fall leia til innvandring frå andre delar av Kina, men ettersom utvandringa til oversjøiske område og til Guangdong varde ved, auka folketalet lite. Dei siste tilhengarane av det styrta ming-styret angreip i 1650 hollendarane på Taiwan og jaga dei frå øya. For å svekke ming-lojalistane på Taiwan innførte dei nye makthavarane i Kina, Qing-dynastiet under Kangxi-keisaren, på ny forbod mot sjøhandel. I 1689 vart denne siste ming-bastionen styrta og Qing-styret innlemma Taiwan i keisarriket som del av provinsen Fujian. Ved den tid nådde utvandringa frå Fujian til Taiwan sitt høgdepunkt. Ein stor del av befolkninga i dagens Taiwan stammar frå desse fujianesarane.

Utanlandske makter grip inn[endre | endre wikiteksten]

Frå tidleg på 1600-talet gjorde utanlandske handelsaktørar seg gjeldande i Fujian. Ein grunn til dette var at kinesarane under Qing-dynastiet hadde forbod mot å drive oversjøisk handel. Kinesarane tapte den første opiumskrigen og vart tvinga til Nanjingtraktaten, ein avtale som frå 1842 opna enkelte hamner for utanlandshandel. Amoy (Xiamen) og Fuzhou var to av frihamnene. Også misjonærar og industriutviklarar slo seg ned der. Særleg i Fuzhou vart det etablert skular og aviser etter europeiske førebilete, noko som skapte grobotn for revolusjonære idear. Traktatshamna Xiamen vart snøgt ein stor og viktig by.

Fujian var overbefolka, samstundes som enkelte britiske koloniar mangla arbeidskraft. Ein britisk handelsmann, James Tait, drog nytte av tilhøva og starta i 1847 opp den såkalla kulihandelen. Mange frå Fujian vart flytta frå provinsen til kolonistasjonar, der dei gjekk inn i teneste som billeg arbeidskraft. Mellom 1876 og 1898 vart 1,36 millionar menneske «eksportert» frå Xiamen til Søraust-Asia.

I 1885 vart Taiwan skilt frå Fujian og gjort til eigen provins. Etter den første sino-japanske krig (1894-95) og Shimonoseki-traktaten kom Fujian under sterk japansk innverknad. Mange utanlandske selskap, fremst britiske, investerte i industribygging.

Utanlandskinesarar som i oversjøiske område hadde vorte inspirert av republikansk tankegods, vende også tilbake til Fujian. Dei var med å legge tilhøva til rettes for avviklinga av Qing-dynastiet. Gjennom fleire tiår med borgarkrigar og imperialistmakters kolonikrigar var Qing-styret militært svekka.

Den republikanske perioden[endre | endre wikiteksten]

Etter at Qing-dynastiet vart styrta i 1911, stridde ulike krigsherrar om makta over Fujian. Yuan Shikai kontrollerte provinsen ei kort tid, Li Houji, Sun Chuanfang og Zhou Yinren var militærguvernørar. Mellom 1918 og 1920 rådde Chen Jiongming den sørlege delen av provinsen. I dei to åra vart ambisiøse reformar sette i verk i Zhangzhou. Chen vart i 1920 kalla til Guangdong for å støtte Sun Yat-sen. Forvaltningsapparatet hans i Zhangzhou fall då saman.

I 1926 kom Fujian, i samband med Nordfelttoget, under kontroll frå Kuomintang. Dette innleia ein fase med relativ stabilitet. Vinteren 1933/1934 braut ut opprør leia av Li Jichen, Chen Mingshu og Cai Tingjie. Oppstanden toppa seg med at Fujian erklærte seg uavhengig av sentralregjeringa i Nanjing. Denne separatistrørsla vart slått ned med stor brutalitet på under to månader.

Under den andre sino-japanske krigen okkuperte japanske styrkar kystområda i Fujian. Den kinesiske provinsregjeringa trekte seg innover til Yong'an. Under den kinesiske borgarkrigen mellom nasjonalistane og kommunistane fann krigshandlingar stad også i Fujian.

Under folkerepublikken[endre | endre wikiteksten]

Borgarkrigen enda med at kommunistane tok kontroll over det kinesiske fastlandet og grunnla Folkerepublikken Kina i 1949, mens Kuomintang-regjeringa trekte seg tilbake til Taiwan. Konfrontasjonen mellom dei to maktene spelte seg ut langs kysten av Fujian. Provinsen hadde lite kontakt med resten av Kina, grunna dei vanskelege kommunikasjonane. På 1960-talet skal ein til dømes ha kome over landsbyar i fjella der folk ikkje visste at Qing-dynastiet var styrta. Fram til ei jarnbanelinje vart bygt, opna i 1956, hadde det aldri vore gjort større investeringar i provinsen. Fujian vart hardt ramma av den feilslåtte næringspolitiske satsinga kalla Det store spranget og seinare av Kulturrevolusjonen.

Den sterke akademiske tradisjonen som hadde vart ved sidan det sørlege Song-dynasti si tid bestod likevel inn i det realsosialistiske Kina. Ei rekke av medlemene av det kinesiske vitskapsakademiet kjem frå Fujian.

Etter reformpolitikken slo inn seint i 1970-åra byrja utanlandsk kapital å flyte inn i kystregionane i Fujian, ikkje minst frå Taiwan. Fleire av byane i Fujian har sidan vorte nokre av dei rikaste samfunna i Kina. Stor tilvandring frå fattigare og ofte tettare folkesette område i det nordlege og det sentrale Kina er ei fylgje av den økonomiske veksten.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fujian