Talcott Parsons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talcott Parsons

Talcott Parsons (13. desember 19028. mai 1979), fødd og oppvaksen i Colorado, er kan henda den mest kjende amerikanske sosiologen. Han grunnla funksjonalismen, og hadde stor innverknad på sosiologien på 1950- og 1960-talet. Han var knytt til Harvard-universitet nesten heile livet sitt, og utvikla eit teoretisk system for samfunnsanalyse, kalla strukturell funksjonalisme.

Mønstervariablar[endre | endre wikiteksten]

I The Social System (1951) legg Parsons fram eit sett av mønstervariablar, som seier noko om samhøvet ein sosial aktør har med andre sosiale aktørar:

Dimensjon Ekspressiv Instrumentell
Status Askripsjon Prestasjon
Relasjonsfunksjon Diffus funksjon Spesifikk funksjon
Samhandlingstype Partikulær Universell
Kjenslerelasjon Affektiv Affektiv nøytral
Orientering Kollektivorientering Ego-orientering

Til dømes vil relasjonane mellom aktørane i ein institusjon som familien, som vert prega av nære kjensleband, oftast vera ekspressive. Medan samhøvet mellom ein seljar og ein kunde på ein marknad vil vera instrumentell. Dimensjonen ekspressiv/instrumentell svarar til ein viss grad til skiljet Ferdinand Tönnies lagar mellom Gemeinschaft/Gesellschaft for å skildra menneskelege relasjonar.