Tamra i Jezreeldalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamra
landsby
Tamra
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Gilboa regionale kommune
Koordinatar 32°38′5″N 35°24′8″E / 32.63472°N 35.40222°E / 32.63472; 35.40222
Folketal 1 300  (2006)
Kart
Tamra i Jezreeldalen
32°38′05″N 35°24′08″E / 32.634722222222°N 35.402222222222°E / 32.634722222222; 35.402222222222
Wikimedia Commons: Tamra, Jezreel Valley

Tamra (arabisk طمرة, hebraisk טַמְרָה eller תַמְרָה) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 300.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Tamra skreiv han: «Denne landsbyen har teke plassen til ein eldgamal by som tidlegare hadde eit amfiteater kring ei vassrik kjelde. Overalt er det store steinhaugar, stort sett basal. Dei gjenverande nedraste husa ligg strøydd oppover åssida. Midt i desse ruinane, nær kjelda, merka eg meg spor etter ei lita kyrkje som ligg aust og vest og er delt inn i tre nav. Ho er pynta med søyler, som det er fleire att av. I den høgareliggande delen av byen kan ein framleis sjå spor av ei anna kyrkje, nesten heilt øydelagd, med golv av mosaikk[1]

Det låg ein landsby her i bysantinsk tid. Det er funne graver og ruinar av to kyrkjer.[2]

Seint på 1800-talet skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Tumrah som «ein mellomstor landsby, kanskje 50 eller 70 hus, i høgareliggande område, omgjeve av pløgd land.» Dei noterte òg om nokre ruinar på sørsida av landsbyen.[3]

I folketeljinga i 1931 hadde Tamra 34 busette hus og eit folketal på 193 muslimar.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Guérin, 1880, s. 124-125, som omsett av Conder og Kitchener, 1882, s. 130
  2. Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii romerski: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 239. 
  3. Conder og Kitchener, 1882 s.87- 88
  4. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 76. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]