Tannfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Felte mjølketenner er det ein i dag knyter til ordet «tannfe».

Tannfé var i norrøn tid ei gåve som barn fekk når den første tanna deira kom til syne.[1]

Håkon Jarl og trælen Tormod Kark vart fødde den same natta. Det vart difor eit uløyseleg band mellom dei to, og då Håkon Jarl fekk si første tann, fekk han Tormod Kark i tannfé.

I seinare tid er tannfe vorte ei nemning på ei fe (alv) som dukkar opp hos barn som feller mjølketenner. Dersom barnet legg tanna i eit glas med vatn, tek tannfea med seg tanna og legg att passande økonomisk kompensasjon. Taksten for ei mjølketann i Noreg ligg i 2005 på om lag 20 kr.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. tann-fé i Cleasby, Richard and Gudbrand Vigfusson, An Icelandic-English Dictionary, 2nd edn by William A. Craigie (Oxford: Oxford University Press, 1957)