Tannkost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tre tannkostar.
Elektrisk tannkost.

Ein tannkost eller tannbørste er eit verktøy ein brukar til å reinsa tennene med. Dette gjer ein for å hindra at matrestar skal føra til bakterievekst som skadar tennene eller tannkjøtet, og for å få frisk pust. Ein brukar som regel tannkrem på tannkosten, men på born berre i små mengder. Tannkosten har bust i eine enden, medan den andre enden vert bruka som eit skaft. Mange moderne tannkostar kjem òg med ei bakflate som kan rensa vekk bakteriar frå tunga.

Ulike typar tannkost[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange utformingar av tannkostar, og dei kjem med mange ulike utformingar på bust og handtak. Dei fleste modellane vert leverte med ulik hardleiksgrad på busta.

Ulike typar av tannkostar:

  • Den vanlegaste typen er ein pinne av plast som det står bust på den eine sida av, i enden ein har i munnen. I handtak-enden er det ikkje bust.
    • Særskilde reisetannkostar er todelte, slik at dei kan demonterast og er lettare å ta med seg.
    • Nokre tannkostar er laga slik at dei gjev etter når ein pussar for hardt. Dette vert gjort ved hjelp av ein liten mekanisme inni skaftet.
  • Ein tannkosttype som vart lansert på nittitalet, hadde buster som gjekk rundt heile tanna. Poenget med det var at ein skulle pussa tennene på alle sider samstundes.
  • Elektriske tannkostar vert meir og meir populære.
  • Tannkostar for born har ofte spesielle utformingar, både for å underhalda ungane og gjera det meir interessant å pussa tennene og for at dei skal vera meir tilpassa små munnar.

Fabrikantar[endre | endre wikiteksten]

Dei vanlegaste tannkostmerka i Noreg i dag er Jordan og Solidox.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tannkrem

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tannkost
Spire Denne helseartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.