Tapas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tapas i Toledo.

Tapas er ein spansk mattradisjon som består av mange ulike smårettar eller snacks. Dei er tradisjonelt blitt selde på barar, og kan serverast varme eller kalde.[1] Tapas er etterkvart blitt populært i mange andre land enn Spania, og kan også serverast på eigne tapasrestaurantar.

Det finst eit utal ulike tapasrettar. Nokre vanleg typar er marinert ansjos, spansk omelett, patatas bravas og blekksprut i paprikasaus.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Tapa | food», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 5. februar 2020 
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.