Tarragona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tarragona
E5320-Vista-de-Tarragona.jpg
Flagget til Tarragona Byvåpenet til Tarragona
Flagget til Tarragona Byvåpenet til Tarragona


Plassering
Tarragona is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Tarragona
Grunnlagd 400-talet fvt.
Borgarmeister Josep Fèlix Ballesteros
Geografi
Flatevidd
 - By

62,35 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

150 869
  2 419,7 /km²
Koordinatar 41°06′″N 1°15′″EKoordinatar: 41°06′″N 1°15′″E
Høgd over havet 68 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 43001 - 43008
Nettstad: www.tarragona.cat

Tarragona er ein by sør i Catalonia og aust i Spania ved Middelhavet. Han er provinshovudstaden i provinsen med same namn. Han har kring 150 000 innbyggjarar med eit storbyområde på kring 675 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Romarriket vart byen kalla Tarraco og var hovudstaden i provinsen Hispania Tarraconensis (etter å ha vore hovudstaden i Hispania Citerior i republikktida).[1] Den romerske kolonien som vart grunnlagd ved Tarraco hadde det fulle namnet Colonia Iulia Urbs Triumphalis Tarraco.

Enkelte ekspertar meiner at byen var ein iberisk by kalla Kesse eller Kosse. William Smith meiner at byen truleg vart grunnlagd av fønikarar, som kalla han Tarchon, som tyder citadell. Dette namnet kjem truleg frå plasseringa på ei høg klippe oppfor sjøen.

Tarrco låg langs hovudvegen søraustover kysten på Den iberiske halvøya. Han vart forsterka og utbygd av brørne Publius og Gnaeus Scipio, som omvandla han til ei festning mot kartagarane.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tarragona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ptolemaios, ii. 6. § 17)
  2. Plinius l. c.; Tacitus Ann. i. 78; Gaius Julius Solinus 23, 26; Polybius x. 34; Livy xxi. 61; Stefanus av Austromarriket s. 637.