Tartan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tartan er eit mønster som er sett saman av kryssande horisontale og vertikale striper i ulike fargar. Tartanar var opphavleg vovne i ull, men finst i dag i mange ulike materiale. Tartan vert særskilt forbunde med Skottland. Skotske kiltar har nesten alltid tartanmønster.
Tartan vert til ved at vekslande band av førehandsfarga trådar vert vovne både som renning og innslag i rett vinkel til kvarandre. Innslaget vert vove i enkelt kypermønster, to over - to under renninga, med overlapp av ein ny tråd for kvar omgang. Dette gjev synlege diagonale linjer der ulike fargar møtest, noko som gjev inntrykk av at fargane blandar seg.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Scottish Tartans Authority, eit av fleire alternative tartanregister
- Scottish Tartans World Register, eit av fleire alternative tartanregister
- The Scottish Register of Tartans, Skottland sitt offisielle tartanregister
Omsett frå engelsk wikipedia 5. mars 2011