Tekniska högskolan i Helsingfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auditorium ved Tekniska högskolan i Helsingfors, teikna av Alvar Aalto

Tekniska Högskolan i Helsingfors (fi. Teknillinen korkeakoulu, eller TKK) vart grunnlagt i 1849 under namnet Polytekniska Realskolan og fekk universitetsstatus i 1908. TKK flytta frå Helsingfors til Esbo i 1966.

TKK er særleg kjend for kompetansen sin på mobilteknikk og treforedling. I tillegg har dei eitt av dei fleste lågtemperaturslaboratioria i verlda.

Høgskolen ligg i Otnäs i nabobyen til Helsingfors, Esbo, men skolen vart grunnlagt i Helsingfors og blir oppfatta som ein Helsingfors-høgskole.

Tekniska högskolan er kjend under forkortingane HUT (Helsinki University of Technology), TKK (Teknillinen Korkeakoulu) og TH (Tekniska Högskolan), men har i det siste satsa på å bruke berre forkortinga TKK for å unngå misforståingar.

KTT er offisielt trespråkleg (finsk, svensk og engelsk). Sjølv om undervisninga primært går føre seg på finsk og engelsk har svenskspråklege studentar rett til å avlegge eksamenar på svensk, og kommunisere med skolen på morsmålet sitt. KTT har dessutan ein svenskspråkleg nation (Teknologföreningen).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]