Helsingfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helsingfors stad
Helsingin kaupunki
Våpen Lokalisering
Våpen Kart
Fakta
Stat: Finland
Län: Södra Finlands län
Landskap: Nyland
Nabokommunar: Vanda, Esbo og Sibbo
Areal (landjord): 686 km² (186 km²)
Innbyggjartal: 571 887 (1.1.2008)
Tettheit: 3016 innb./km²
Skatteprosent 2005: 17,50 %
Høgd: 17 m over havet
Postnummer: 00100 - 00990
Retningsnummer: 09 (+358-9)
Koordinatar: 60° 10' N. Br.
24° 56' E

Rådhusets adresse:
Norra Esplanaden 11-13
00099 Helsingfors stad
Heimeside: www.hel.fi
Politikk
Ordførar: Jussi Pajunen (overborgarmeister = rådmann)
Rakel Hiltunen (kommunestyre)

Helsingfors (finsk Helsinki, nordsamisk Helsset) er hovudstad i Finland. Han ligg i Södra Finlands län ved Finskebukta. Helsingfors har om lag 570 000 innbyggjarar. Helsingfors er ein del av Helsingforsregionen, der det bur tilsaman om lag ein million menneske.

Sentrum i Helsingfors fungerer som sentrum for både staten og hovudstadsregionen. Nabobyane Esbo og Vanda har ikkje eigentleg eigne sentrum, busetnaden grupperer seg rundt sentrum av Helsingfors, ikkje rundt Esbo sentrum eller det administrative sentrumet i Vanda, Dickursby. Rundt Helsingfors er det fleire drabantbysentrum, viktige er Östra Centrum, Malm, og Hagalund, Alberga, Esbo centrum, Mattby-Olars i Esbo, og Dickursby og Myrbacka i Vanda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Helsingfors ligg på 60°10'24" nord og 24°56'55" aust (60.173333, 24.948667). Flatevidda er 686 km², av det er 186 km² land og dei resterande 500 km² vatn. Helsingfors har fleire enn 300 øyar. Helsingfors har 3800 hektar skog og 1800 hektar park. Parkane varierer frå klassisistisk utforma byparkar til den 10 km² store Centralparken, som strekkjer seg frå sentrum og blir breiare lenger nord. Det er 38 naturvernområde i Helsingfors, på til saman 420 hektar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svensketida[endre | endre wikiteksten]

Dagens Helsingfors var frå og med mellomalderen folkesett av svenskspråklege bønder. Byen vart grunnlagd av svenskekongen Gustav Vasa 12. juni 1550, primært som motvekt til hansabyen Reval/Tallinn på sørsida av Finskebukta. Byborgarar fekk kongen til byen ved å gje ordre til borgarar frå Borgå, Ekenäs, Raumo og Björneborg. Veksten var likevel sein, det var ikkje så lett å endre busetnad og handel på ordre.

Sverige hærtok den nordlege delen av Estland i 1561, og som resultat av dette vart Helsingfors mindre viktig. På grunn av krigane i Austersjøområdet vart Helsingfors likevel eit militært sentrum, som vinteropplag for flåten og lasteplass for hæren.

Opphavleg vart Helsingfors grunnlagt ved osen av Vanda å, attmed dagens Arabiastrand. Det vart likevel snart klårt av plasseringa ikkje var så god, særleg fordi Vanda å var for grunn. Generalguvernør Per Brahe avgjorde i 1640 å flytte byen eit par kilometer sørover, til det som i dag er Kronohagen.

Orienteringa Russland hadde vestover, og grunnleggjinga av St. Petersburg i 1703 fekk stor verknad for Helsingfors. Under Den store nordiske krigen okkuperte russiske soldatar Helsingfors, i åra 17131721.

Utviklinga gjekk seint i åra etter krigen. Sverige miste festninga i Fredrikshamn til Russland i Den vesle nordiske krigen 17411743, og utanfor Helsingfors tok dirmed til å byggje eit nytt festningsverk, Sveaborg. Arkitekten var Augustin Ehrensvärd. Festningsarbeidet førte til at byen voks, og det vart grunnlagt teglsteinsverk og herregardar.

På grunn av striden mellom Napoleon og Aleksander I vart Sverige med i krigen mot Russland i 1808. I krigen som fylgde 18081809 okkuperte russarane Helsingfors, i 1808. I omleiringa av Sveaborg braut det ut brann i byen, så mest heile Helsingfors strauk med.

Storfyrstedømetida[endre | endre wikiteksten]

Storkyrkan

Hovudstaden vart flytta frå Åbo til Helsingfors i 1812, etter at Finland hadde vorte ein del av Russland. Samstundes vart arkitekt Carl Engel vald ut til å planleggje Helsingfors sentrum etter modell frå St. Petersburg. Byggnadsarbeida vart leia av Johan Albrecht Ehrenström. Mange av dei nyklassisistise bygga, særleg kring Senatstorget og Helsingfors Domkyrka er teikna av Engel. Dei mange jugend-husa i sentrum er likevel frå tiåra rundt 1900.

I 1827, etter at Åbo brann, vart universitetet flytta frå Åbo til Helsingfors. Dimed var heile statsadministrasjonen samla i Helsingfors, og det vart no den reelle hovudstaden i Finland. Jarnvegssamband vart bygd til Tavastehus i 1862 og til St. Petersburg i 1870. I starten av 1900-talet steig innbyggjartalet til over 100 000.

Kart over Helsingfors 1909

Sjølvstendetida[endre | endre wikiteksten]

Helsingfors vart det sjølvstendige Finland sin hovudstad då Finland sa seg sjølvstendig 6. desember 1917. Den finske borgarkrigen starta allereie månaden etter, den 27. januar 1918, då det vart tent ei raud lykt i Folkets hus i Hagnäs som teikn på at revolusjonen hadde starta. Dei raude tok makta i byen, og senatet, eller regjeringa, måtte evakuere til Vasa. Styrkane til den tyske generalen Rüdiger von der Goltz okkuperte Helsingfors 14. april og Finland sin kvite arme under leiing av marsalk Mannerheim marsjerte inn i Helsingfors 16. mai. Etter borgarkrigen fungerte Sveaborg som fangeleir for dei raude.

Under Andre verdskrigen vart Helsingfors bomba ved fleire høve, dei største øydeleggingane kom under dei såkalla storbombingane i 1944, under Framhaldskrigen, men lite samanlikna med kva andre byar gjekk gjennom. Helsingfors, London og Moskva var dei einaste hovudstadene av dei europeiske krigførande landa som ikkje vart okkupert.

Helsingfors vart tildelt sommar-OL i 1940, men dei vart avlyst på grunn av andre verdskrigen. På grunn av den planlagde olympiaden vart det bygd mykje funkisarkitektur, t.d. Olympiastadion, Tennispalatset og Glaspalatset. I 1952 fekk Helsingfors endeleg arrangere sommar-OL, same året som Oslo arrangerte vinter-OL.

Olympiastadion, teikna av arkitektane Yrjö Lindegren og Toivo Jäntti

Sentraliseringa på 1960-talet dobla innbyggjartalet i Helsingfors i laupet av ein 20-års-periode. På 1980-talet stagnerte veksten, men frå 1990-talet var det vekst til innpå 2000-talet. Grunnen til stagnasjonen i dag er truleg dei høge bustadprisane, som får barnefamiliane til å flytte til Helsingfors sine nabokommunar.

Det bur over 40 000 innvandrarar i Helsingfors, noko som gjer at hovudstaden skil seg markant frå resten av Finland, som har ein svært låg prosent av innvandrarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

År Innbyggjartal År Innbyggjartal
1810 4 070 1950 368 519
1830 11 100 1970 523 677
1850 20 700 1980 483 675
1880 43 300 1990 490 691
1900 93 600 2000 551 123
1925 209 800 2003 559 716

Offentlege tenester[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er sju vitskaplege høgskular i Helsingfors: Helsingfors universitet, Handelshögskolan i Helsingfors (fi. Helsingin kauppakorkeakoulu), Bildkonstakademin (fi. Kuvataideakatemia, Biletkunstakademiet), Sibeliusakademiet, Svenska handelshögskolan i Helsingfors, Konstindustriella högskolan (fi. Taideteollinen korkeakoulu, Kunstindustrihøgskulen) og Teaterhögskolan (fi. Teatterikorkeakoulu, Teaterhøgskulen). I Helsingfors ligg òg Försvarshögskolan (fi. Maanpuolustuskorkeakoulu, Forsvarshøgskulen), som ligg under forsvarsdepartementet, som også deler ut doktorgradar, og som dimed blir rekna som universitet.

I tillegg finst det fire yrkeshøgskular, som Stadia,Helia og Arcada (svensk). I ulike yrkeshøgskular går det til saman over 10 000 studentar, spreidd over 30 ulike grunnutdanningar. Generell vaksenopplæring blir gjeve på vaksengymnas og på Medborgarinstitutet, Arbetarinstitutet og Svenska arbetarinstitutet, institusjonar som tilsvarer dei norske Friundervisninga og AOF.

Det er 189 grunnskular og vidaregåande skular, med til saman 70 000 elevar, av dei er det 30 svenskspråklege skular. Attåt dei finst det engelsk- tysk- fransk- og russiskspråklege skular. Morsmålsundervisning blir gjeve på 40 ulike språk.

Kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Trikk i Helsingfors

I Helsingfors arrangerer Helsingfors stads trafikverk (HST) ein ypparleg kollektivtransport, med bussar, trikkar, metro (tunnelbane) og tog. Kvart år blir det gjort 210 millionar reiser, av dei omtrent under halvparten med buss, over fjerdeparten med trikk, og over fjerdeparten med tunnelbane. [1]

Flytrafikk går via Helsingfors-Vanda flygplats og Malms flygplats, den siste tidlegare hovudflyplass, no flyplass for privatfly.

Helsingfors hamn er ei populær hamn for cruiseskip. I løpet av sumaren kjem om lag 200 cruiseskip med omtrent 150 000 passasjerar, hamna inneheld omtrent 9000 båtplassar. Det går rutebåtar til øyane rundt Helsingfors, og Viking Line, Silja Line, Tallink og andre reiarlag har rutetrafikk til Tallinn, Stockholm og Tyskland.

Byen prøver å redusere biltrafikken med å arrangere kollektivtransport på høgt nivå, og med å regulere talet på parkeringsplassar. Vegnettet i Helsingfors er arrangert som ei vifte, der fem store vegar strålar ut frå sentrum (Västerleden, Tavastehusleden, Tusbyleden, Lahtisleden og Österleden), og med to store ringvegar, Ring I (10 km frå sentrum) og Ring III (20-30 km frå sentrum) i halvring rundt sentrum. Det er 336 bilar per 1000 innbyggjarar i Helsingfors.

Stader å sjå[endre | endre wikiteksten]

Det er mykje forvitneleg å sjå i Helsingfors. Her er noko av det:

Kulturliv[endre | endre wikiteksten]

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Kulturarrangement[endre | endre wikiteksten]

Den kanskje mest kjende kulturhendinga er festveka, Helsingfors Festspel, som varer i fleire veker, og inneheld musikk, teater, kunst og ulike framsyningar rundt i byen. Den mest populære einskildhendinga er Konstens natt, som omformar heile sentrum til ei einaste stor orkesterscene, restaurant, bokhandel og kunstgalleri, for barn og vaksne, ei natt i nestsiste veka i august. I 2004 var det om lag 245 000 som deltok i festspela.

Meir informasjon om kulturlivet i Helsingfors er på Helsingfors stads kulturcentral, som administrerer kultursentruma i Helsingfors.

Idrettsarrangement[endre | endre wikiteksten]

Det største arrangementet er Helsinki City Marathon, som blir arrangert kvart år i august. City Marathon-løypa fylgjer strandlina i sentrum, er det største løpsarrangementet i Finland, og samlar kvart år om lag 6000 deltakarar.

Eit anna viktig arrangement er Naisten Kymppi, som er eit løpsarrangement berre for kvinner.

Helsingfors arrangerte Sommar-OL 1952 og verdsmeisterskapane i friidrett 1983 og 2005.

Lag og foreiningar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Helsingfors[endre | endre wikiteksten]

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

1.1. 2006 var det 6,2 % (34 774) svenskspråklege og 5,5 % (30 770) utanlandske statsborgarar, av eit folketal på 560 905. Kvinnedelen er større i Helsingfors (53,4 %) enn i resten av Finland (51,1 %).[1]

Gjennomsnitttemperatur (1971-2000) +5,6 °C
Varmaste månad juli, gjennomsnittstemperatur (1971-2000) +17,2 °C
Kaldaste månad februar, gjennomsnittstemperatur (1971-2000) -4,9 °C[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Helsingfors

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Kommunar i landskapet Nyland
Borgnäs | Esbo | Grankulla | Hangö | Helsingfors | Hyvinge | Högfors | Ingå | Karislojo | Kervo | Kyrkslätt | Lojo | Mäntsälä | Nummi-Pusula | Nurmijärvi | Raseborg | Sjundeå | Träskända | Tusby | Vanda | Vichtis
Landskap i Finland | Finland


Koordinatar: 60°10′15″N 24°56′15″E