Tema:Politikk/Utvald artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Anarkisme (frå gresk anarchia - fråver av styresmakt) er ei retning innan sosialismen som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom eit slag føderasjon, etter det sosialistiske prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.