Tengil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tengil er storskurken i Astrid Lindgrens bok Brødrene Løvehjerte. Tengil rir alltid rundt på ein svart hest, har alltid på seg ein svart hjelm med ein enorm raud hjelmbusk, ser alltid ekstremt sur ut og nektar å tale til underståande, så han kviskrar det han vil seie til sin næraste mann, som vidarebefordrar bodskapen. Tengil er leiar over Karmanjaka, der han bur, men han har også lagt under seg Tornrosedalen. Han kontrollerer også draken Katla. Orvar frå Tornrosedalen og Sofia frå Kirsebærdalen leiar eit opprør mot han, men det dei ikkje veit er at det i deira næraste krins er ein som står på Tengils side.

I filmen om Løvehjerte-brørne vert Tengil spelt av Georg Åhlin.