Katla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Katla (fleirtyding).
Katla
Katla er dekt av Myrdalsjökull. Ved utbrot kan brå smelting danne øydeleggjande jøkullaup.
Katla er dekt av Myrdalsjökull.
Ved utbrot kan brå smelting danne øydeleggjande jøkullaup.
Høgd over havet 1 512 moh
Ligg i/på Island sitt flagg Island
Koordinatar 63°38′N 19°03′WKoordinatar: 63°38′N 19°03′W
Fjelltype Subglasial vulkan
Siste utbrot 1918

Katla er ein islandsk vulkan som er kjend som ein av dei farlegaste på øya. Han ligg nord for Vík í Mýrdal og aust for den vesle isbreen Eyjafjallajökull. Vulkantoppen er på 1 512 meter, medan breen Mýrdalsjökull som ligg over han har ein flatevidd på 595 km². Vulkankrateret har ein diameter på 10 km. Katla har vist teikn på uro den siste tida og geologar fryktar at eit utbrot er i vente i nær framtid.

Vulkanen har utbrot med rundt 40 til 80 års mellomrom. Det siste utbrotet var i 1918[1], men det kan ha vore eit lite eitt i 1955[2], så vulkanen blir nøye vakta for teikn på eit nytt. Sidan 930 har ein dokumentert 16 utbrot. Eldgjá og Lakagigar er med i det same vulkanske systemet, slik at det kan reknast som eitt av dei kraftigaste i verda.

Før hringvegur (den islandske ringvegen) vart bygd frykta folk å reise over sletta føre vulkanen fordi det ofte oppstår jökulhlaup og det er djupe elvar som må kryssas. Særleg farleg var jökulhlaupen etter utbrotet i 1918. Då utbrotet i 1755 var på sitt verste vart flaumvassføringa estimert til mellom 200 000–400 000 m³/s.[treng kjelde] Til samanlikning er den samanlagte middelvassføringa til Amazonaselva, Mississippielva, Nilen og Chang Jiang om lag 290 000 m³/s.[treng kjelde]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Katla