Termoelektrisk effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein termoelektrisk seeback-modul

Termoelektrisk effekt er eit samleomgrep på fenomen som er kjenneteikna ved at det oppstår elektriske straumar eller spenningar på grunn av temperaturskilnader i eller mellom elektriske leiarar eller halvleiarar, og tilsvarande motsette fenomen, der elektriske straumar fører til oppvarming eller avkjøling avhengig av retninga til straumen. Det blir gjerne skild mellom tre termoelektriske effektar: seebeckeffekt, peltiereffekt og thomsoneffekt. Oppvarming på grunn av resistans i ein leiar (joulsk varme) er ifølgje Joule-lova uavhengig av retninga til straumen og blir tradisjonelt ikkje rekna som ein termoelektrisk effekt.

Seebeckeffekten nyttast i termoelementer. Peltiereffekten blir utnytta i kjøleelement, helst for nedkjøling av små volum, til dømes elektroniske komponentar eller prøver for mikroskopering. Thomsoneffekten har lita praktisk tyding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]