Elektrisk spenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrisk spenning, òg kalla elektrisk potensialskilnad, (symbol:U) er forskjellen i mengde elektriske ladningsbærarar mellom to punkt. Spenning vert målt i volt (V) eller joule per coulomb. Spenning er lik arbeidet som må gjerast, per ladningseining, mot eit statisk elektrisk felt for å flytte ladninga mellom to punkt. Ei spenning kan representere anten ei energikjelde (elektromotorisk spenning) eller tapt, nytta eller lagra energi (spenningsfall). Eit voltmeter kan nyttast til å måle spenninga (eller potensialskilnaden) mellom to punkt i eit system. Ofte vert jordinga nytta som eine punktet. Spenninga kan skapast av eit statisk elektrisk felt, av elektrisk straum gjennom eit magnetfelt, magnetfelt som varierer i tid eller ein kombinasjon av alle tre.[1][2]

Folkelege definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk spenning er potensialforskjellen mellom to punkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Demetrius T. Paris and F. Kenneth Hurd, Basic Electromagnetic Theory, McGraw-Hill, New York 1969, ISBN 0-07-048470-8, s. 512, 546
  2. P. Hammond, Electromagnetism for Engineers, s. 135, Pergamon Press 1969 OCLC 854336.
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.