The Carracks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 50°12′47″ N 5°33′4″ W The Carracks og Little Carracks er ei gruppe små øyar utanfor nordkysten vest i Cornwall i England.

Øyane ligg mellom Zennor og St Ives, om lag 200 meter utanfor kysten. Den største øya vert stundom kalla Seal Island fordi det finst gråsel her. Her er òg pigghå, breiflabb og anemoner.

Det går båtar frå St Ives til øyane slik at turistar kan sjå selane og anna dyreliv kring øyane.

I 1916 gjekk «Enrico Parodi» på land ved Gurnard's Head i tjukk skodde. Då skipet vart taua sokk det utanfor The Carracks og er i dag ein dykkeattraksjon der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]