The Lovin' Spoonful

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Lovin' Spoonful
Lovin Spoonful 1965.jpg
The Lovin' Spoonful i 1965. Frå toppen og med klokka; Steve Boone, John Sebastian, Zal Yanovsky og Joe Butler.
Sjanger Folkrock, Pop-rock
Aktive år 1965-1969, 1979-1980, 1991-
Plateselskap Kama Sutra Records
Nettstad www.lovinspoonful.com
Medlemmer
Steve Boone
Joe Butler
Mike Arturi
Phil Smith
Tidlegare medlemmer
John Sebastian
Zal Yanovsky
Jerry Yester

The Lovin' Spoonful er ei USA-amerikansk musikkgruppe danna i 1965 i New York City. Musikken til gruppa kan samlast under sjangerane folkrock og poprock.

Gitaristen, munnspelaren og songaren John Sebastian var den sentrale figuren i The Lovin' Spoonful og skreiv størstedelen av låtane. Dei andre originalmedlemmane var bassgitaristen Steve Boone, gitaristen Zal Yanovsky og trommeslagaren Joe Butler.

The Lovin' Spoonful lukkast å nå høgt på salslistene allereie i 1965. Begge låtane Do You Believe In Magic og You Didn't Have to be so Nice var mellom dei 10 beste på Billboard-lista. Året etter, 1966, kom dei tre mest kjende songane til gruppa; Daydream, Did You Ever Have to Make up Your Mind?, og Summer in the City. Alle desse tre nådde eit stort publikum, der i mellom også i Noreg. Gruppa hadde ytterlegare to hitar hausten 1966; Rain on the Roof og Nashville Cats.

I 1967 vart Boone og Yanovsky fengsla for bruk av marijuana, deretter forlet Yanovsky gruppa. Han vart erstatta av gitaristen og musikkprodusenten Jerry Yester. Året etter gjekk John Sebastian ut av Lovin' Spoonful for å verte soloartist. Albumet Revelation: Revolution '69 vart innspela utan Sebastian, og vart gruppas siste studioalbum. Denne LP-en kom ut i 1969, etter gruppa var oppløyst.

Det opphavlege The Lovin' Spoonful var samla att i 1979, i høve innspelinga av Paul Simon sin film One-Trick Pony (1980).

Sidan 1991 har ei musikkgruppe med namnet The Lovin' Spoonful turnerte større delar av den vestlege verda. Nokre medlemmer av opphavsbesetninga har alltid vore med, men aldri nøkkelfiguren Johan Sebastian.

The Lovin' Spoonful vart vald inn i Rock and Roll Hall of Fame i 2000.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingsår Label/Katalog # Albumtittel Billboard 200
1965 Kama Sutra KLP/KLPS-8050 Do You Believe in Magic
32
1966 Kama Sutra KLP/KLPS-8051 Daydream
10
1966 Elektra ELK 4002 What's Shakin' (samleplate)
1966 Kama Sutra KLP/KLPS-8053 What's Up Tiger Lily? (soundtrack)
126
1966 Kama Sutra KLP/KLPS-8054 Hums of the Lovin' Spoonful
14
1967 Kama Sutra KLP/KLPS-8058 You're A Big Boy Now (soundtrack)
160
1967 Kama Sutra KLP/KLPS-8061 Everything Playing
118
1969 Kama Sutra KLPS-8073 Revelation: Revolution '69

Live LP[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingsår Label/Katalog # Albumtittel Billboard 200
1999 Varese Sarabande Live at the Hotel Seville

[2]

Singelplater[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingsår Titlar
Om ikkje anna er nemnd er båe sider henta frå same album
US CA UK AU Album
1965 «Do You Believe in Magic»
b/w «On The Road Again»
9
3
Do You Believe In Magic
1965 «You Didn't Have to Be So Nice»
b/w «My Gal» (from Do You Believe In Magic)
10
4
Daydream
1966 «Daydream» Kama Sutra 618 003
b/w «Night Owl Blues» (from Do You Believe In Magic)
2
1
2
13
1966 «Did You Ever Have to Make Up Your Mind?» Kama Sutra 618 004
b/w «Bald Headed Lena» (from Daydream)
2
6
17
Do You Believe In Magic
1966 «Jug Band Music»
b/w «Didn't Want To Have To Do It»
2
Daydream
1966 «Summer in the City» Kama Sutra 618 007
b/w «Fishin' Blues» (from Daydream)
1
1
8
11
Hums Of The Lovin' Spoonful
1966 «Rain on the Roof»
b/w «Pow» (from «What's Up Tiger Lily» Soundtrack)
10
12
38
1966 «Nashville Cats» Kama Sutra KSN618 013
8
2
26
36
1966 «Full Measure» (B-sida av «Nashville Cats»)
87
85
1967 «Darling Be Home Soon» Kama Sutra 618 015
b/w «Darlin' Companion» (from Hums Of The Lovin' Spoonful)
15
8
44
90
"You're A Big Boy Now" Soundtrack
1967 «Six O'Clock» Kama Sutra KSN 618 018
b/w «You're A Big Boy Now (The Finale)» (from «You're A Big Boy Now» Soundtrack)
18
12
Everything Playing
1967 «She Is Still a Mystery»
b/w «"Only Pretty, What A Pity»
27
3
1968 «Money» Kama Sutra 618 022
b/w «Close Your Eyes»
48
28
1968 «Never Goin' Back (to Nashville)»
b/w «Forever» (from Everything Playing)
73
49
71
Revelation: Revolution '69
1968 «('Til I) Run with You»
b/w «Revelation: Revolution '69»
1969 «Me About You»
b/w «Amazing Air»
91
70
1970 «Younger Generation»
b/w «Boredom»
Everything Playing

[2]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rock and Roll Hall of Fame – Lovin' Spoonful
  2. 2,0 2,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 586–587. ISBN 1-84195-017-3. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]