The New York Times

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The New York Times er ei amerikansk dagsavis utgjeven i byen New York og vert distribuert internasjonalt. Ho er ått av The New York Times Company, som publiserer 15 andre aviser, mellom andre International Herald Tribune og The Boston Globe. NYT er den største bybaserte avisa i Sambandsstatane. Ho vert kalla "The Gray Lady" for edrueleg utsjånad og stil, og vert ofte sett på som ein nasjonal newspaper of record, som tyder at ho ofte vert sett på som den offisielle og autorative referansen for nyare historie.

Avisa har vunne 95 Pulitzerprisar,[1] meir enn noko anna avis.[2] Ho vart etablert i 1851. Namnet, som med andre publikasjonar med liknande namn, vert ofte forkorta til the Times. Mottoet "All the News That's Fit to Print" er alltid vist i det øvre venstre hjørnet på forsida.

Den noverande utgjevaren er Arthur Ochs Sulzberger Jr., eit medlem av familien som har kontrollert avisa sidan Adolph Ochs kjøpte henne i 1896.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The New York Times var etablert 18. september 1851 av journalisten og politikaren Henry Jarvis Raymond og den tidlegare bankmannen George Jones som New-York Daily Times. Avisa bytte namnet sitt til The New York Times i 1857. Avisa vart først utgjeven kvar dag utanom søndag, men under den amerikanske borgarkrigen tok Times (i lag med fleire andre større dagsaviser) til å publisere søndagsutgåver.

The New York Times har vore involvert i historiske hendingar som påverka USA, som domsavgjerda New York Times Co. vs. Sullivan og lekkasjen, dommen og skandalen rundt The Pentagon Papers.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]