Pulitzerprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pulitzerprisen er ein amerikansk journalistikk- og litteraturpris. Han vert delt ut kvart år og er sett på som den fremste ærespris i amerikansk journalistikk. Prisen vert òg gjeven til littereære, fotografiske og musikalske verk. Den aller første Pulitzerprisen vart delt ut 4. juni 1917, og i dei seinare åra er vinnarane utropte i april.

Prisvinnarane vert utvalde av ein sjølvstendig komité knytte til Columbia University Graduate School of Journalism i USA. Prisen vart skipa av Joseph Pulitzer (1847-1911), ein ungarsk-amerikansk journalist og avisutgjevar i siste del av det 19. hundreåret.

Prisen vert delt ut i kategoriar som er knytte til journalistikk, kunst og reportasjar. Berre reportasjar og fotografi som er utgjevne av USA-baserte aviser eller verksemder som gjev ut daglege nyhende kan få journalistikkprisen.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.