The Office

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

The Office, kalla Kontoret på norsk, er en britisk komiserie om livet på eit kontor, filma som ein dokumentar. Serien er skapt av Ricky Gervais og Stephen Merchant. Serien vert rekna som ein av dei mest populære britiske komiseriane, og er til no selt til over 60 land. I 2005 vart det òg produsert ein amerikansk versjon av serien.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga skjer i Slough-avdelinga til papirfirmaet Wernham-Hogg, som vert leia av David Brent (Ricky Gervais) saman med assistenten sin, Gareth Keenan (Mackenzie Crook). Mykje av komikken oppstår når Brent skal imponere kamerafolka og dei tilsette elles med sin humoristiske leiarstil, og endar opp med å vere ytst diskriminerande, rasistisk eller politisk ukorrekt.

Vi finn òg Tim Canterbury (Martin Freeman), som er forelska i resepsjonisten Dawn Tinsley (Lucy Davis), eit tema som går igjen i alle episodane. Dawn på si side er forlova med Lee, men er òg forelska i Tim i skjul.

Livet på kontoret er fyld med arbeid, teambuilding og frykta for nedskjeringar.