BBC One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til BBC One.

BBC One (tidlegare: BBC1) er den eldste fjernsynsstasjonen i verda. Han er den fyrste, og i byrjinga den einaste, kanalen til BBC og byrja å kringkaste regulære sendingar som BBC Television Service 2. november 1936. BBC hadde på førehand kringkasta prøvesendingar i mange format sidan 1929. Stasjonen hadde monopol på fjernsynssendingar i Storbritannia fram til 1955ITV byrja sendingane sine. Han er ein av dei viktigaste kanalane i Storbritannia og tilbyr eit stort utval av nyhende, komediar, drama, konkurransar, barneprogram, kunst og nokre utdanningsprogram og religiøse program.