The Windmills of Your Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Windmills of Your Mind» er ein song med musikk av den franske komponisten Michel Legrand og engelsk tekst av amerikanarane Alan Bergman og Marilyn Bergman. Den franske teksten med tittelen «Les moulins de mon cœur», vart skriven av Eddy Marnay. Songen (med engelsk tekst) vart nytta som kjenningsmelodi i filmen The Thomas Crown Affair i 1968.[1] Dei to første melodilinjene var lånt frå den andre satsen til Mozart frå hans Sinfonia Concertante for fiolin, bratsj og orkester, K. 364.

I den originale filmen frå 1968 vart songen framført av Noel Harrison som tok songen til åttandeplassen på den britiske singellista. Han vann Oscarprisen for beste originale song i 1968.[1] Ein versjon av Sting vart nytta i filmen The Thomas Crown Affair frå 1999.

Dusty Springfield sin versjon av songen frå albumet Dusty in Memphis er òg godt kjend. Denne versjonen nådde 31. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA og tredjeplassen på Billboard adult contemporary-lista i 1969.[2] Denne innspelinga vart òg nytta i filmen Breakfast on Pluto (2006).

Petula Clark sin versjon av songen vart nytta i filmen Killing Them Softly.

«The Windmills of Your Mind» har vorte spelt inn av All Angels, Tina Arena, Lill-Babs (som «Vinden i min själ»), Pedro Biker, John Davidson, Val Doonican, Connie Evingson, Jose Feliciano, Earl Grant, Terry Hall, Kiri Te Kanawa, Michel Legrand, Barbara Lewis, Arthur Lyman, Sally Ann Marsh, Maureen McGovern, Meck, Farhad Mehrad, Eva Mendes, Alison Moyet, Elaine Paige, Parenthetical Girls, Dianne Reeves, Rita Reys, Jimmie Rodgers, the Sandpipers, Sharleen Spiteri, Barbra Streisand, Swing Out Sister, Take 6, Vanilla Fudge, Vassilikos, Helena Vondrácková og Edward Woodward. Helena Vondrácková har òg spelt inn ein tsjekkisspråkleg versjon av songen kalla «Mužeš Zustat, Mužeš Jít».

Fransspråklege versjonar av songen er spelt inn av Frida Boccara, Grégory Lemarchal, Natalie Dessay, Didier Barbelivien, Amaury Vassili, Dany Brillant, Claude François, Noëlle Cordier, Michel Legrand, Caterina Valente, Jessye Norman og Julia Migenes.

«The Windmills of Your Mind» er òg spelt inn i Tyskland av Udo Lindenberg som «Unterm Säufermond».

Ein instrumental versjon av «The Windmills of Your Mind» vart spelt inn av Henry Mancini og James Last.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Terje Mosnes har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Dine tankers selvportrett».

Innspilling[endre | endre wikiteksten]

Inger Lise Rypdal og Terje Rypdals orkester. Utgjeve på singlen RCA NA 1354 i 1969. Arrangør var Terje Rypdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 135. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 592.