Petula Clark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petula Clark

Clark i April 2012
Fødd15. november 1932 (91 år)
FødestadEpsom, Surrey, England
FødenamnSally Olwen Clark
AliasPetula Clark
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1939
SjangerPop, schlager, teater, filmmusikk
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapPolygon
Vogue
Pye
Imperial
Decca
EMI
Warner Bros.
MGM
Columbia
Verka somSkodespelarinne, låtskrivar, vokalist
FarLeslie Clark
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres

Petula Clark (fødd 15. november 1932 som Sally Olwen Clark) er ein britisk songar, skodespelar og låtskrivar som har hatt ein karriere som har strekte seg over heile sju tiår.

Den profesjonelle karrieren til Clark byrja som underhaldar på BBC Radio under andre verdskrigen. I 1950-åra byrja å spele inn songar på fransk og fekk internasjonal suksess på både fransk og engelsk, med songar som «The Little Shoemaker», «Baby Lover», «With All My Heart» og «Prends Mon Cœur». I 1960-åra vart ho globalt kjend for hittane «Downtown», «I Know a Place», «My Love», «A Sign of the Times», «I Couldn't Live Without Your Love», «Colour My World», «This Is My Song» og «Don't Sleep in the Subway», og ho vart kalla «førstedama i den britiske bølgja». Ho har seld meir enn 68 millionar plater.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Clark fekk songtimar hos mora, som var sopran. Ho stod på scenen alt sju år gammal og vart raskt fast å høyre på britisk radio, og fekk sitt eige show, Pet's Parlour, der ho song patriotiske songar som skulle auke moralen hos publikum. Ho var å berre 11 år gammal.

Etter å ha underheldt britiske soldagar i lag med andre barnestjerner som Julie Andrews og Anthony Newley, debuterte Clark som skodespelar med filmen Medal for the General i 1944. I byrjinga av 1950-åra var ho blitt ei superstjerne i Storbritannia og hadde spelt i over 20 filmar. «The Little Shoemaker» frå 1954 vart den første singelen hennar som nådde Topp 20, medan «Sailor» frå 1960 vart den første som toppa den britiske singellista. Likevel sleit Clark med å kvitte seg med barnestjernestempelet. Etter å ha seld over ein million eksemplar av songen «Romeo», gifta ho seg og flytta til Frankrike, der ho fekk ein sterk tilhengjarskare med ei rekkje hittar som «Ya-Ya Twist», «Chariot» og «Monsieur», som synte ein ny og meir sofistikert popsstil.

Clark vart ein del av den britiske bølgja og kom seg inn på den amerikanske marknaden i 1964 med «Downtown», den første singelen av ei britisk kvinne som nådde toppen av den amerikanske poplista. Det var òg den første i rekkje hittar i USA (hovudsakleg skriven og arrangert av Tony Hatch), som «I Know a Place» i 1965 og «I Couldn't Live Without Your Love» i 1966, og så igjen listetoppen «My Love». Samstundes var ho ei stor stjerne i Europa og toppa den britiske singellista i 1967 med «This Is My Song» frå filmen Grevinnen fra Hong Kong. I tillegg til å ha sitt eige BBC-program, sende NBC eit eige program om Clark i 1968.

Populariteten til Clark var på hell på slutten av 1960-åra, men singlar som «Don't Sleep on the Subway», «The Other Man's Grass Is Always Greener» og «Kiss Me Goodbye» nådde likevel salslistene på begge sider av Atlanteren. I 1968 tok ho opp att filmkarrieren og spelte i Finian's Rainbow, og året etter i Goodbye, Mr. Chips. I seinare år har Clark hovudsakleg heldt konsertar internasjoanlt, og hadde hovudrolla i Rodgers & Hammerstein-musikalen The Sound of Music i London i 1981. Etter at ho spelte i musikalen Someone Like You i 1990, som ho òg var med å skrive, debuterte ho på Broadway i Blood Brothers i 1993. I tillegg nådde ein acid house-miks av «Downtown» Topp 10 i Stoorbritannia i 1988.

I 2000-åra fortsette Clark å turnere fast verda over. Konsertane på Olympia i Frankrike i 2002 kom ut på CD og DVD, men det kom ikkje nye studioinnspelingar før ho i 2011 gjekk i studio med det irske bandet Saw Doctors for ein ny versjon av «Downtown». Kort tid etter arbeidde ho med produsenten John Williams på eit album. Det bestod av nye songar og coverlåtar og kom ut i 2013 som Lost in You. Berre tre år seinare kom Clark med eit nytt album, From Now On. I 2016 var Clark på turné til støtte for albumet.

Filmar[endre | endre wikiteksten]


Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Franske singlar[endre | endre wikiteksten]


Tyske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Monsieur» (1962, nr. 1)
  • «Casanova Baciami» (1963, nr. 2)
  • «Cheerio» (tysk versjon av «Chariot») (1963, nr. 6)
  • «Mille Mille Grazie» (1963, nr. 9)
  • «Warum muß man auseinandergeh'n (Mit weißen Perlen)» (1964, nr. 17)
  • «Alles ist nun vorbei (Anyone Who Had a Heart)» (1964, nr. 37)
  • «Downtown» (1965, tysk versjon, nr. 1)
  • «Kann ich dir vertrauen» (1966, nr. 17)
  • «Verzeih' die dummen Tränen» (1966, tysk versjon av «My Love», nr. 21)
  • «Love – so heißt mein Song» (1967, tysk versjon av «This is My Song», nr. 23)
  • «Alle Leute wollen in den Himmel», (1967, tysk versjon av «Tout le monde veut aller au ciel», nr. 28)


Italienske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Monsieur» (1962, nr. 1)
  • «Sul mio carro (Chariot)» (1962, nr. 1)
  • «Quelli che hanno un cuore (Anyone who had a heart)» (1964, nr. 4)
  • «Invece no» (song for San Remo-festivalen 1965, nr. 5)
  • «Ciao, ciao (Downtown)», (1965, nr. 1)
  • «Cara felicità (This is my song)» (1967, nr. 1)
  • «Kiss Me Goodbye (italiensk versjon)» (1968, nr. 26)


Spanske singlar[endre | endre wikiteksten]


Andre[endre | endre wikiteksten]

  • «Put Your Shoes on Lucy» (1949)
  • «House in the Sky» (1949)
  • «I'll Always Love You» (1949)
  • «Clancy Lowered the Boom» (1949)
  • «You Go to My Head» (1950)
  • «Music! Music! Music!» (1950)
  • «You Are My True Love» (1950)
  • «May Kway (Rose, Rose I Love You» (1951)[3]
  • «Mariandl» (med Jimmy Young) (1951)
  • «Where Did My Snowman Go?» (1952)
  • «The Card» (1952)
  • «Christopher Robin at Buckingham Palace» (1953)
  • «Meet Me in Battersea Park» (1954)
  • «Suddenly There's A Valley» (1955)
  • «Another Door Opens» (1956)
  • «With All My Heart» (1957)
  • «Fibbin'» (1958)
  • «Devotion» (1958)
  • «Dear Daddy» (1959)
  • «Mama's Talkin' Soft» (1959)
  • «Cinderella Jones» (1960)
  • «Marin» («Sailor») (1961)
  • «Ceux qui ont un cœur» («Anyone Who Had a Heart») (1964)
  • «Petite Fleur» (1964)
  • «Invece no» (1965)
  • «Dans le temps» («Downtown») (1965)
  • «Sauve-moi» (1977)
  • «C'est si bon» (1978) (med Mireille Mathieu)
  • «Fred and Marguerite» (1980) (frå Captain Beaky and His Band)
  • «The Bumble Bee» (1980) (frå Captain Beaky and His Band)
  • «Mr. Orwell» (1984)
  • Blood Brothers (International Recording) (1995)
  • Songs from Sunset Boulevard (1996)
  • Here for You (1998)
  • The Ultimate Collection (2002)
  • Kaleidoscope (2003)
  • «Starting All Over Again» (2003)
  • Live at the Paris Olympia (2004)
  • «Driven by Emotion» (2005)
  • «Memphis» (2005)
  • «Together» (2006), duett med Andy Williams
  • «Thank You for Christmas» (2006)
  • «Simple Gifts» (2006)
  • «It had to be you» (2007)
  • Duets (2007)
  • Solitude and Sunshine (2007)
  • In Her Own Write (2007),
  • Then & Now (2008)
  • Open Your Heart: A Love Song Collection (2009)
  • This is Christmas (2009)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mini-Biography». Petula Clark.net. 28. oktober 2000. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 3. april 2018. 
  2. «French Record Charts». Petula Clark.net. Arkivert frå originalen 12. juli 2012. Henta 3. april 2018. 
  3. Fujita, Chris (27. juni 2015). «Rose, Rose I Love You: The Story Of One Of China’s Greatest Hits | 蛮夷Barbarian Subject臣民». Barbariansubject.com. Arkivert frå originalen 10. august 2015. Henta 3. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Petula Clark
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Petula Clark