Thomas Alexandre Dumas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
General Dumas

Thomas Alexandre Dumas, eigentleg Thomas Alexandre Davy de la Pailleterie, (25. mars 176226. februar 1806) var ein fransk general, fødd på Santo Domingo i Haiti og død i Villers-Cotterets. Han var far til forfattaren Alexandre Dumas den eldre.

Dumas var sonen til marki Pailleterie og ei svart slavinne, Marie-Césette Dumas. Då han var 12 år gammal, døydde mora, og faren tok han attende til Frankrike og let han få ei aristokratisk utdanning. Med mora sitt namn gjekk Thomas Alexandre Dumas i 1786 inn i den franke hæren som husar. Han gjorde karierre i revolusjonsåra, og deltok som høg offiser i krigar i Italia og Egypt.

Han vart gift med Marie-Louise Elisabeth Labouret i 1792. I 1802 vart sonen Alexander fødd. Sonen vart seinare ein vidgjeten forfattar, og i verka sine skal han ha dikta vidare på talrike eventyrlege episodar frå livet til faren.