Thomas E. Dewey
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Edmund Dewey (24. mars 1902–16. mars 1971) var ein amerikansk politikar, og guvernør i delstaten New York frå 1943 til 1954. I 1944 og 1948 var han presidentkandidat for republikanarane, men tapte begge gongane.
Han vart rekna som storfavoritt ved presidentvalet i 1948, og meiningsmålingar og presse spådde siger. Avisa Chicago Daily Tribune trykte det som har blitt den legendariske avisframsida «Dewey defeats Truman» dagen etter valet, trass i at det var motkandidaten Harry S. Truman som faktisk hadde vunne valet.