Thomas Sankara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Isidore Noël Sankara (21. desember 194915. oktober 1987) var ein burkinsk politikar og kaptein i den burkinske hæren. Han var statsleiar i Burkina Faso (tidl. Øvre Volta) frå 1983 til 1987.

Sankara kjempa i krigen mot Mali i 1975. I løpet av den militære karrieren stifta han ein kommunistisk organisasjon saman med m.a. Blaise Compaoré. Han vart medlem av regjeringa på byrjinga av 1980-talet, men gjekk seinare ut av denne regjeringa i protest mot det han meinte var ein arbeidarfiendtleg politikk. Seinare vart han med i ei ny regjering etter eit kupp, men vart seinare avsett og fengsla. Den 4. august 1983 vart Sankara president etter eit statskupp leia av Compaoré. I løpet av regjeringstida si gjennomførte han store sosiale reformer og kjempa mot korrupsjon og offentleg sløsing, og vart ein populær og respektert politikar. Under Sankara si regjeringstid skifta landet namn frå Øvre Volta til Burkina Faso.

Sankara vart drepen i eit nytt blodig statskupp 15. oktober 1987. Også dette kuppet var organisert av Sankara sin tidlegare kollega Blaise Compaoré.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]