Burkina Faso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Burkina Faso

(norsk: Burkina Faso, burkinsk)

Det burkinske flagget Det burkinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Une Seule Nuit»
Motto Unité, Progrès, Justice (Fransk: Samhald, framsteg, rettferd)
Geografisk plassering av Burkina Faso
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Ouagadougou
Styresett
Parlamentarisme
Isaac Zida (førebels)
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
274 200 km² (74.)
0,1 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2003)
 – Tettleik
 
17 275 115 (61.)
13 228 460
63 /km² (119.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. august 1960
Nasjonaldag 4. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
20 060 mill. USD (122.)
1 200 USD (173.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +226
Toppnivådomene .bf


Burkina Faso er eit land i Vest-Afrika, med naboland på alle sider. Det grensar til Mali, Benin, Niger, Togo, Ghana og Elfenbeinskysten. Landet heitte frå og med kolonitida fram til 4. august 1984 Øvre Volta, då president Thomas Sankara omdøypte landet til Burkina Faso. Det tyder «landet av rettskafne folk» på mossi og douala, dei to viktigaste språka i landet.

Hovudstaden er Ouagadougou (uttalast wagadougou), på folkemunne kjent som Ouaga (wagá). Innbyggjarane kallar seg burkinabé.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart kolonisert av Frankrike i 1890-åra, då dei sigra over mossiane. Det vart fyrst administrert som ein del av Elfenbeinskysten, men i 1919 vart det utskilt som ein eigen koloni. Denne statusen vart fjerna seinare, men i 1947 vart det igjen ein egen koloni, med namnet Øvre Volta.

Landet vart sjølvstyrt i 1958, og heilt sjølvstendig i 1960. Det fyrste av fleire militærkupp fann stad i 1966. I 1978 fekk landet igjen sivilt styre, som varte til 1980. Då leia Saye Zerbo eit nytt militærkupp, og sat med makta til det neste kuppet i 1982. I 1983 stod blant anna den noverande presidenten, Blaise Compaoré, bak et kupp leia av Thomas Sankara, ein kaptein i hæren. 15. oktober 1987 vart Sankara myrda i eit kupp leia av Blaise Compaoré.

I 1985 var landet i ein kortvarig krig med Mali. Burkina Faso utførte ei folketeljing, og enkelte flyktningeleirar innanfor den maliske grensa vart besøkt av teljarane. Dette vart teke ille opp, og 25. desember 1985 braut det ut krig mellom dei to landa. Den varte berre fem dagar, og kosta omkring 100 menneske livet; de fleste var sivile som vart drepne då eit malisk fly bomba markedet i Ouahigouya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av landet er bølgjande sletteland med isolerte åsar her og der, restar etter eit

Kart over Burkina Faso

prekambrisk fjellmassiv. Sørvest i landet finst eit sandsteinmassiv med bratte klippeveggar på opptil 150 meter. Den høgaste toppen i landet, Ténakourou på 749 meter, ligg her.

Tre elver renn gjennom landet. Dei blei tidlegare kalla Svarte, Kvite og Raude Volta, og var opphav til det tidlegare landsnamnet Øvre Volta. I dag heiter elvene Mouhoun, Nakambé og Nazinon. Berre Mouhoun og ei anna elv, Comoé, er vassførande året rundt. Vassmangel er eit vanleg problem, særleg nord i landet.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Burkina Faso er delt inn i 45 provinsar:

Balé, Bam, Banwa, Bazega, Bougouriba, Boulgou, Boulkiemde, Comoe, Ganzourgou, Gnagna, Gourma, Houet, Ioba, Kadiogo, Kenedougou, Komondjari, Kompienga, Kossi, Koulpelogo, Kouritenga, Kourweogo, Leraba, Loroum, Mouhoun, Namentenga, Nahouri, Nayala, Noumbiel, Oubritenga, Oudalan, Passore, Poni, Sanguie, Sanmatenga, Seno, Sissili, Soum, Sourou, Tapoa, Tuy, Yagha, Yatenga, Ziro, Zondoma, Zoundweogo

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landet har eit typisk savanneklima med ei enkel regntid og ei lang tørketid, som er om lag det same klimaet som ein har i dei sørlege områda av nabolandet Mali. Klimaet er varmt året rundt, og varmen er mest ubehagleg frå mai til oktober då fukta og skydekket er størst. November til mars er tørketid, og den nordaustlege harmattanvinden kan føre med seg støvete luft som set ned sikta. Ouagadougou har ein årleg nedbørsnormal på 895 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burkina Faso